Utløpt

Innkjøpsrådgjevar 100% fast - Innkjøp

Arbeidsgiver
Øygarden kommune - Innkjøp
Stillingstittel
Innkjøpsrådgjevar 100% fast - Innkjøp
Frist
10.12.2023
Ansettelsesform
Fast
Likar du å arbeide i team, på tvers av ulike sektorar og på ulike nivå i ein stor organisasjon? 

Øygarden kommune styrkar si innkjøpsavdeling og søkjer no etter ein ny operativ innkjøpsrådgjevar.  

Vi er kommunens eining innan anskaffingar og med deg på laget er vi eit team på 4 personar.

Innkjøp skal, gjennom gode og effektive anskaffingsprosessar og god kontraktsoppfølging, leggje til rette for at fellesskapets midlar utnyttast på best mogleg måte. Eininga er lokalisert på rådhuset på Straume og ligg til kommunalsjefområde Finans og økonomi. 

Arbeidsoppgåver: 
  • Gjennomføring av offentlege anskaffingar innanfor gjeldande lovverk 
  • Rettleiing og rådgjeving om lov og forskrift om offentlege anskaffingar, medrekna kontraktsforvaltning
  • Klage- og innsynshandtering 
Kvalifikasjonar: 

Må ha: 

  • Høgare utdanning tilsvarande master innan økonomi, juridiske eller samfunnsvitskaplege fag. Kravet til master kan fråvikast ved dokumentert solid kompetanse og erfaring innan fagfeltet. 
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg. 
  • God erfaring med gjennomføring av offentlege anskaffingar. 
  • God erfaring med kontraktsforvaltning. 

Ønskjeleg med: 

  • Erfaring frå forhandling. 
  • Erfaring frå bygg- og anleggsanskaffingar, og god kjennskap til relevante NSar. 

Personlege eigenskapar: 

  • Stor arbeidskapasitet 
  • Du må like å arbeide i dybda med dokument og kunne setje deg raskt inn i ny informasjon, samstundes som du har evne til å løfte blikket og sikre framdrift i prosessar.  
  • Sjølvstendig, tydeleg, tillitsskapande og i stand til å ta slutningar 
  • Framoverlent, nysgjerrig og fagleg engasjert 
  • Tar initiativ og arbeider målretta og strukturert 
  • Analytisk og løysningsorientert 

Vi ser etter personar som passar godt inn i det eksisterande arbeidsmiljøet og som kan vere ein god ambassadør for eininga. Det vil bli lagt særskild vekt på personlege eigenskapar. 

Vi tilbyr: 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • IA verksemd 
  • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer 
  • Interessante utfordringar 
  • Høve til fagleg og personleg utvikling 
  • Fleksibel arbeidstid 
  • Høve for heimekontor 

 

Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA- verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn foropplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verte ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. 

Om arbeidsgiveren

Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 400 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

Sektor
Offentlig
Sted
Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling

Nøkkelord

innkjà  à ¸psrà  à ¥dgjevar, innkjøper, innkjøp, innkjøpsrådgiver

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Trude Espedal Jensen
Telefon
95 48 85 80
Følg firma
322 følger dette firmaet

Foldnesvegen 1, 5354 Straume

Annonseinformasjon

FINN-kode 329776863
Sist endret 3. jan. 2024 21:44

Rapporter annonse