Familierettleiar
Time kommune
- Frist 6.12.2023
Familierettleiar
Time barnevernsteneste består av to avdelingar, med totalt 30 tilsette; Avdeling MUO og omsorg, og felles tiltaksavdeling for Jærkommunene Time, Klepp og Hå.
Felles tiltaksavdeling for Time, Klepp og Hå skal som hovudområde gi frivillige hjelpetiltak, jmf. Bvl. § 3-1, endring- og rettleiingsarbeidtil barn, ungdom og familiar, samt rettleiing til fosterheim frå dei samarbeidande kommunane. Tiltaksavdelinga består av 12 tilsette, 11 familierettleiarar og 1 avdelingsleiar. Avdelinga er i stadig utvikling og består av erfarne fagpersonar med helsefagleg, sosialfagleg og pedagogisk bakgrunn. Me ønskjer høg grad av kvalitet, fagkunnskap og rausheit, til kvarandre og dei som treng tenester frå oss. Er du vår nye familierettleiar, me har ledig ein 100 % vikariat stilling, eit år frå oppstartsdato.
Arbeidsoppgåver
- Målretta rettleiing av barn og foreldre, for å få til nødvendige endringar i kvardagen, etter mål i tiltaksplaner. Rettleiing er individuelt og i grupper.
- Rettleiing fosterheim, individuelt og i grupper.
- Leia og delta i gruppetilbod.
- Samarbeid med interne og eksterne aktører.
- Journalføring og evaluering av arbeids- og endringsprosessar.
- Vitne i ulike rettsinstansar ift. arbeidsoppgåva.
Kvalifikasjonar
- Krav om minimum 3-årig høgskole-eller universitetsutdanning som barnevernspedagog, sosionom eller annan relevant utdanning.
- Ønskeleg med relevant master eller vidareutdanning.
- Krav om rettleiing kompetanse.
- Ønskeleg med sertifisering i metodiske rettleiingsprogram.
- Ønskeleg at du har arbeidserfaring frå kommunal barnevernteneste.
- Førerkort klasse B (manuell gir).
- Krav om gyldig politiattest før tiltreding.
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen.
Personlege eigenskapar
- Har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og verdset samarbeid med barn og familiar.
- Har respekt for alle som du kjem i kontakt med gjennom arbeidet.
- Har evne til refleksjon, evne til å motivera andre og skapa endring.
- Er kreativ, fleksibel, nytenkande og oppteken av endring og utvikling.
I tillegg ønsker me kollegaer som held seg oppdatert innan lovverk, rutinar og strategisk og faglig retning i barneverntenesta. Du bidreg til godt og trygt arbeidsmiljø, medarbeiderskap og felles kultur og du har erfaring frå arbeid med traumeutsette barn og menneskjer i vanskelege livssituasjonar.
Me legg vekt på at du er eigna i stillinga.
Den som blir tilsett må vera fleksibel i arbeidsdagen/veka, for å komma familiane i møte på deira behov. Det må påreknast noko ettermiddags- og kvelds arbeid, inntil 2 dagar pr. veke, innanfor fleksitida (37,5 timars uke, med avtale om fleksibel arbeidstid).
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande stilling i eit fagfelt i utvikling.
- Engasjerte og dyktige kollegaer.
- Godt arbeidsmiljø.
- Gode pensjonsordningar i KLP.
- Fleksibel arbeidstid med kjernetid mellom 0900-1400.
- Lønn etter tariff.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sted: Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
barnevernspedagog, rådgiver, rådgivning, Sosionom, pedagog
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329674138
- Sist endret