Seniorkonsulent (100% vikariat)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Seniorkonsulent (100% vikariat)
- Frist
- 12.12.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Seniorkonsulent (100% vikariat)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent
Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin (IGS), er det ledig eit vikariat som seniorkonsulent (100 %) med tilsetjing så snart som mogleg, og varigheit til 18. februar 2025. Instituttet er ein del av Alrek helseklynge. Stillinga inneber koordinering av praksis i allmennmedisin for medisinstudentar, i tillegg til generell emneadministrasjon for emne tilknytt medisinstudiet.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandlingsoppgåver, utgreiings- og utviklingsoppgåver som krev stor grad av sjølvstende og problemløysing.
- Koordineringsfunksjonen for praksis i allmennmedisin for medisinstudentar går ut på, saman med fylkeskoordinatorane, å halde god kontakt med legekontor frå Vest-Agder, Rogaland, og Vestland, som har studentar i praksis, i tillegg til å arbeide for å utvide nettverket av praksisplassar.
- Stillinga inneber også kommunikasjon med studentane og praksisrettleiarane, og koordinering av 2 x 6 veker praksis haust og vår for medisinstudentar i 11. semester.
- Administrativ koordinering av emne tilknytt medisinstudiet. Dette inneber blant anna timeplanlegging, semesterkoordinering, eksamensarbeid og studentkontakt.
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha mastergrad. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
- Det er ein føremon med erfaring frå studie- eller forskingsadministrasjon
- Bakgrunn frå, eller kjennskap til, helsesektoren vil vera ei føremon
- God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og god administrativ IT-kompetanse
Vi søkjer ein person som:
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
- Har engasjement og interesse for studiearbeid
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert
- Er løysingsorientert, initiativrik, serviceinnstilt og har god gjennomføringsevne
- Har evne og vilje til raskt å setje seg inn i nye saksfelt og vere kvalitetsbevisst
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn som seniorkonsulent (kode 1363) er for tida kr 557 100 - 615 700 (lønssteg 57 - 63). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/)
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: studiekoordinator Kirsti Nordstrand på mail: kirsti.nordstrand@uib.no eller tlf: 55585449
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/foransatte/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Årstadveien 17, 5018 Bergen
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Konsulent
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ingen kontakperson oppgitt
Årstadveien 17, 5018 Bergen