Er du ein pådrivar som brenn for digitalisering?
- Arbeidsgiver
- Herøy kommune
- Stillingstittel
- Digitaliseringsleiar
- Frist
- 12.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Vil du leie arbeidet med å digitalisere kommunen, slik at vi utviklar stadig betre tenester? Då er denne stillinga jobben for deg.
Digitaliseringa skal hjelpe oss med å fornye, forenkle og forbetre tenestene i alle sektorane våre. Vi ser etter ein pådrivar som er god til å få oversikt og har orden i sakene. Du er ein lagspelar som er nysgjerrig på kva behov dei mange tenestene våre har. Du er utolmodig nok til å sjå nye moglegheiter og tolmodig nok til å få med deg andre.
Du vil gjere jobben i samspel med heile organisasjonen og nabokommunane våre. Stillinga høyrer til kommunikasjonsavdelinga, ei av avdelingane i sektoren for verksemdstyring. Sektoren er navet i organisasjonen og staben til kommunedirektøren.
Med andre ord: Her er du midt i smørauget i ein stor og svært allsidig organisasjon. Vi jobbar dessutan tett med dei andre kommunane på søre Sunnmøre. Og vi hentar stadig gode idear frå kommunar over heile landet.
Arbeidsoppgåver
- drive fram digitaliseringsarbeidet i kommunen
- utvikle og leie digitaliseringsrådet vårt
- representere oss i det interkommunale digitaliseringsrådet i regionen
- vere vår leveranseansvarleg overfor Søre Sunnmøre SSIKT
- følge opp systemeigarane i arbeidet med å gi tilsette rett kompetanse
- bygge opp og forvalte dokumentasjonen på bruken av digitale verktøy
Arbeidsoppgåvene vil bli endra etter kvart som behova og organiseringa endrar seg.
Kvalifikasjonar
- relevant høgare utdanning
- svært god kunnskap om og interesse for digitalisering og IKT
- erfaring med å leie prosjekt
- kunnskap om offentleg forvaltning
- svært god organisasjonsforståing
Språket vårt er nynorsk. Om du ikkje kan nynorsk så godt, vil vi hjelpe deg med å lære det.
Personlege eigenskapar
- er sjølvstendig og samarbeider svært godt
- tar initiativ og har god gjennomføringsevne
- motiverer og inspirerer andre
- er systematisk, analytisk og målretta
- formidlar svært godt, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø
- sjansen til å vere med på å løyse det viktige samfunnsoppdraget vårt
- høve til å utvikle deg sjølv og stillinga
- løn etter avtale
- gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
- fleksibel arbeidstid
Vi tilset etter dei vilkåra som går fram av både tariffavtalen og ulike lover og reglement.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Søkarlista er offentleg.
Om arbeidsgiveren
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Herøy kommune har nesten 9000 innbyggjarar. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda utgjer vi om lag 50 000 innbyggjarar. Arbeidsmarknaden er stor og variert, og dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular. Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6090 Fosnavåg
- Bransje
- IT,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- IT utvikling / Systemarkitekt,
- Koordinering,
- Ledelse
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
digitalisering, IKT, IT
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Trond Arne Rossi Aglen
- Stillingstittel
- kommunedirektør
- Mobil
- 93 26 76 84
- Kontaktperson
- Svein Arne Orvik
- Stillingstittel
- kommunikasjonssjef
- Mobil
- 93 80 69 23
6090 Fosnavåg