Vil du vera med oss å byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal?

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
10.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Lærar

Vi har ledig ei fast stilling som lærar på Stamnes Oppveksttun.

Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg som søkjar til ledig undervisningsstilling.

Ein av lærarane våre er vorte leiar for oppveksttunet og vi lyser etter den som kan overta etter han. Dette er ei fast lærarstilling i 100 % som for tida er knytt til skuledrifta på Stamnes oppveksttun. Oppveksttunet er ein naturleg samlingsplass i bygda og husar barnehage, SFO og skule. Vi har fådelt skuledrift med 23 elevar fordelt på to grupper. Stillinga er i hovudsak tiltenkt storskulegruppa.  

 


Arbeidsstad

Stamnes oppveksttun

 


Krav til kompetanse

  • Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar) 
  • God digital kompetanse 
  • Søkjarar som har undervisningskompetanse i fleire av følgjande fag vil bli føretrekt; matematikk, norsk og engelsk. 
  •  Det er ynskjeleg med lærarar som har brei undervisningskompetanse
  • Søkjarar med anna relevant utdanning/erfaring kan ved behov bli vurderte

Vi ynskjer å tilsetje stabile, positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som

  • er tydelege klasseleiarar og har evne til å skapa gode relasjonar 
  • set eleven sitt beste i sentrum 
  • vektlegg tilpassa opplæring 
  • har god læreplanforståing og vurderingspraksis 
  • har gode samarbeidsevner 
  • er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar 
  • har godt humør 

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 

Vi oppmodar menn til å søkja. 

Dei som skal tilsetjast må leggja fram tilfredsstillande politiattest. Desse må leverast snarast etter eventuelt tilbod om tilsetjing og før tiltreding. 


Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. 
  • Arbeidsplassar kor verdiane respekt, tillit, kompetanse, løysingsorientert står i fokus 
  • Spanande og utfordrande stillingar 
  • Gode og kvalifiserte fagmiljø 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

Slik søkjer du

Elektronisk søknad. Klikk på "Søk stillinga" og følg vidare instruksjonar. 


Kontaktperson

Direkte til rektor eller til: 

Jill Bru Johansen, Einingsleiar skule
Mobil: 45376534,  jill.johansen@vaksdal.kommune.no 

 


Om arbeidsgiveren

Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.  
I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap med fagfornyinga. Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing. Verdigrunnlaget skal løftast fram, og elevane jobbar tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring. Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom inkluderande læringsmiljø, PALS og digital læringsleiing, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande profesjonsfellesskap.

Sektor
Offentlig
Sted
Stamnes, Eidslandsvegen 850, 5727 Stamnes
Bransje
Barn, skole og undervisning,
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lars Sveinung Lid
Stillingstittel
Rektor
Telefon
90 15 41 92
Følg firma
30 følger dette firmaet

Stamnes, Eidslandsvegen 850, 5727 Stamnes

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 329556252
Sist endret 21. nov. 2023 11:16

Rapporter annonse