Controllar
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Controllar
- Frist
- 04.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Vil du sikre god økonomi- og ressursstyring i forskningsprosjekta ved Haukeland universitetssjukehus?
Helse Bergen søkjer ny controller/ forskningscontrollar i fast stilling. Vi er på jakt etter deg som er sterk i økonomifaget, har gode analytiske evner og som samtidig likar å arbeide tverrfagleg. Du får ein spennande jobb med stor samfunnsnyttig verdi.
Som controllar ved Haukeland universitetssjukehus møter du ein fleksibel arbeidsgivar, eit triveleg arbeidsmiljø og eit kompetent fagmiljø. Du må kunne arbeide sjølvstendig, meistre å bli tildelt ansvar og trivast med å lære nye ting.
Som tilsett i Seksjon for økonomistyring er du ein sentral bidragsytar for å sikre best mogleg ressursutnytting innanfor dei økonomiske rammene som er tilgjengeleg for sjukehuset. Dette inneber planlegging og budsjettering, løpande oppfølging og rapportering, analysar og utgreiingsarbeid. Vi er nærare 30 tilsette økonomar i seksjonen.
Arbeidsoppgåver
Du vil i hovudsak jobbe med økonomioppfølging i forskingsprosjekta våre, men det vil også vere aktuelt å ha økonomioppfølgingsansvar for ei eller fleire einingar på sjukehuset. Som forskingscontroller vil du ha eit særskilt ansvar for å vidareutvikle rutinar for god økonomioppfølging og rapportering i forskingsprosjekta. Du vil jobbe tett med seksjon for forsking og innovasjon og einingane som har ansvar for å gjennomføre forskingsprosjekta.
Oppgåver vil vere:
- Sikre oppfølging og rapportering på forskingsprosjekta i tråd med krav som er sett i tildelinga for EU finansierte prosjekt, prosjekt finansiert gjennom Norsk forskningsråd, private aktørar mm
- Budsjettering, oppfølging og rapportering på eksternfinansiert forsking
- Bygge opp kompetanse på forskingsøkonomi og sikre kunnskapsdeling
- Delta i utarbeiding av forskingsadministrative rutinar i føretaket
- Analyse, oppfølging og rapportering av økonomi, bemanning og aktivitet
- Identifisering av avvik og moglege tiltak, samt utarbeide beslutningsgrunnlag for leiar
- Støtte leiinga med økonomifagleg rådgiving og analyse
Kvalifikasjonar
- Økonomisk utdanning på høgare nivå, fortrinnsvis mastergrad
- God kompetanse i bruk av elektroniske styringsverktøy og excel
- Fordel med erfaring med samarbeid og rådgivning på tvers av fagtilhørigheit
- Fordel med erfaring frå forskingsøkonomi med eksternfinansiering, til dømes frå EU og NFR.
Personlege eigenskapar
- Du må vere sjølvgåande, fleksibel og proaktiv med gode relasjons- og samarbeidsevner
- God til å kommunisere, utfordre og motivere
- Evne å omsetje analyser til praktiske råd og tiltak
- Du jobbar systematisk, nøyaktig og strukturert
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Kunne prioritere og evne å sjå kva som er vesentleg og viktig
Vi tilbyr
- Konkurransedyktige vilkår i ein utviklingsorientert organisasjon
- Spennande, viktige og utfordrande arbeidsoppgåver
- Stort og godt fagmiljø
- Triveleg arbeidsmiljø
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 5021 Bergen
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Økonomi og regnskap / Controller
- Arbeidsspråk
- Norsk
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Janne Sund
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 97 51 67 43
5021 Bergen