Seniorkonsulent - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent)
- Frist
- 12.12.2023
- Ansettelsesform
- Vikariat
Seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent)
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorkonsulent - Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE)
Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig eit vikariat i 100 % stilling om seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent) frå 1. februar til 30. september, med moglegheit for forlenging.
LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap og digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 70 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 40 ph.d.-kandidatar og postdoktorar og 15 personar knytte til administrasjonen.
Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet. Den administrative drifta av instituttet er eit lagarbeid og alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre oppgåver enn dei spesifikke funksjonane som er lagde til stillinga.
Personlege eigenskapar vil bli lagt tungt vekt på i tilsetjingsprosessen.
Næraste leiar er administrasjonssjef ved instituttet. Studieleiar er arbeidsleiar.
Arbeidsoppgåver:
Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda:
- planlegging og avvikling av eksamen og undervisning
- kontakten med fagmiljøet generelt og fagkoordinatorar spesielt
- rettleiing, mottaking og oppfølging av studentar
- vakter på infosenteret ved HF
- studieplanarbeid
- oppfølging av utdanningsplanar og masterkontraktar
- kontakten med interne og eksterne sensorar
- sekretær for programstyre
- informasjons- og rekrutteringsarbeid
- ymse sakshandsaming
- rutineutvikling og deltaking i fagleg-administrative nettverk
Kvalifikasjonar:
- Mastergrad. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere delvis for manglande formell utdanning.
- Erfaring med studieadministrasjon, eksamensadministrasjon og undervisningsplanlegging er ein føremon.
- Kjennskap til eller bakgrunn frå instituttets fagtilbod er ein føremon.
- Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren, samt offentleg forvaltning er ein føremon.
- Interesse for og gode evner innan rettleiing og sakshandsaming vert vektlagt.
- Kjennskap til relevant IT-kompetanse (til dømes FS, ePhorte, Inspera) er ein føremon.
Språk, skriftleg og munnleg
- Begge målformer, nynorsk og bokmål.
- Gode engelskkunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Gode evner til å halde orden på mange detaljar.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, initiativ, fleksibilitet og sørvisinnstilling.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress.
Vi kan tilby:
- Eit godt og interessant arbeidsmiljø med utfordrande oppgåver og høve til utvikling og kompetanseheving.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Løn etter lønssteg 57-62 (kode 1363) i statens regulativ, for tida utgjer det kroner 557 100 til 604 900 brutto per år. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til studieleiar Signe Nilssen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 88 23, e-post signe.nilssen@uib.no.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på denne sida "SØK STILLINGA". Kopi av vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Christiesgt. 18, 5020 Bergen
- Bransje
- Forskning, utdanning og vitenskap,
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon,
- Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Ingen kontakperson oppgitt