Ønskjer du å bidra med kompetansen din for å styrkja innkjøpsmakta vår innan anskaffelser?

Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Anskaffelsesrådgiver
Frist
04.12.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen

Om stillinga

Vi har eit mål om å vera ein profesjonell og marknadsorientert innkjøpar i anskaffelsane våre og i oppfølging av kontraktar. Vi treng derfor å styrkja oss med ein anskaffelsesrådgivar med tiltreding snarast mogleg. Stillinga er tilknytta Kontrakt og marknad i Divisjon drift og vedlikehald.

Som anskaffelsesrådgivar vil ditt ansvar vera å hjelpa til med innkjøpsleiing og arbeidsoppgåver i kvar enkelt innkjøpsprosess. Du skal i samarbeid med budsjetteigar bidra til at divisjonen får gode føresetnader for etterleving av gjeldande regelverk, ein einskapleg praksis og tek med seg erfaringsoverføring og læring i seinare innkjøp. Avdeling Kontrakt og marknad hjelper mellom anna dei operative einingane til divisjonen med rådgiving innanfor fagområda til divisjonen, med eit særleg fokus på marknad, innkjøp og kontraktar. Ei viktig oppgåve er også å vareta kontakt med eksterne aktørar innanfor fagområda til avdelinga. 

Divisjon drift og vedlikehald har ansvaret for å vareta vegeigarskapen på eksisterande riksvegar. Porteføljen til divisjonen, med om lag 150 årlege innkjøp og til kvar tid ca. 350 løpande kontraktar, er breitt samansett av drift, vedlikehald, planlegging og bygging av mindre utbyggingsprosjekt og dessutan gjennomføring av utbetringstiltak.

Arbeidsoppgåver
Du vil få ein spennande og variert arbeidskvardag der arbeidsoppgåvene mellom anna er:

•    Følgje og bidra til utvikling av innkjøp for drift og vedlikehald og mindre investeringar
•    Kombinere kunnskap innan ulike innkjøp til ein heilskapleg og god praksis i Staten vegvesen
•    Bidra til at divisjonen gjennomfører innkjøpa sine på ein måte som gir optimal måloppnåing
•    Sikre at innkjøpet blir gjennomført i samsvar med innkjøpsregelverket og interne retningslinjer
•    Du vil ha rolla som bruker av KGV og KAV i dei innkjøpsprosessane du får ansvaret for
•    Bidra med kvalitetssikring av konkurransegrunnlag og kvalitetssikring av tilbodsevalueringar ovanfor kollegaer
•    Bistå ved behov i oppfølging av kontrakt rundt innkjøpsfaglege og juridiske spørsmål 
•    Være ein aktiv deltakar i jobben med analysar, strategiar og planar for innkjøp
•    Delta i det kontinuerlege utviklingsarbeidet innanfor innkjøpsområdet når det gjeld prosess, rutinar og verktøy
•    Andre relevante oppgåver lagt til Kontrakt og marknad

Stillinga fordrar både stor grad av sjølvstende, men også oppgåveløysing i team.

Vi har medarbeidarar på følgjande lokasjonar: Gjøvik, Stavanger, Bergen, Trondheim, Bodø, Harstad, Tromsø, Alta og Hammerfest. Annan kontorstad kan også vurderast og vi ber deg oppgi ønskt kontorstad. Arbeidsoppgåvene kan medføra noko reiseverksemd.


Kompetansekrav

Vi ser etter deg som har: 
•    minimum 3-årig utdanning frå universitet/høgskule, gjerne innan jus, økonomi, logistikk eller innkjøp
•    kjennskap til lov og forskrift om offentlege innkjøp (LOA og FOA)
•    operativ erfaring med å gjennomføra innkjøp, og dessutan erfaring og kompetanse frå digitale innkjøpsprosessar
•    gode ferdigheiter innan digitale verktøy
•    gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensera for manglande formell utdanning.

Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenninga dine frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).

Det er ønskjeleg at du har:

•  erfaring med utformining og oppfølging av kontraktar 
•  kunnskap om praktisk arbeid innanfor våre kontraktstypar
•  relevant bransjekunnskap
•  analytiske evner
•  ønske og motivasjon til å bidra til ei digital utvikling av relevante oppgåver

Personlige eigenskapar som vi ser etter:

•  god relasjonskompetanse
•  høy arbeidskapasitet
•  strukturert og systematisk
•  fleksibel, initiativrik og evne til å sjå løysingar
•  trygg og tydeleg kommunikasjon


Kvifor skal du velja oss?

Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.

Vi tilbyr deg også desse goda:

  • fleksitid og gode ordningar for å avspasere
  • god pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskasse
  • moglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitet
  • gode moglegheiter for fagleg påfyll

Lønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.

Krav til søknaden

Fyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.

Positiv særbehandling

Statens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.

Søkjarlista er offentleg

Dersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.

Har du spørsmål om stillinga?

Kontakt leiar Bente Johnsen Aase tlf. 95 09 95 96, eller anskaffelseskoordinator Tine Maria Storhaug tlf. 95 84 41 15


Om arbeidsgiveren

Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.
 
Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.

Sektor
Offentlig
Sted
Stakkevollvegen 35-37, 9010 Tromsø
Flere arbeidssteder
  • Bergelandsgata 30, 4012 Stavanger
  • NYGÅRDSGATEN 112, 5008 Bergen
  • Markveien 49A, 9510 Alta
  • Sorgenfriveien 11, 7031 Trondheim
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling

Nøkkelord

kontraktsoppfølging, anskaffelser, forhandlinger, anbudsprosesser, offentlige anskaffelser

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bente Johnsen Aase
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Mobil
95 09 95 96
Følg firma
3676 følger dette firmaet

Stakkevollvegen 35-37, 9010 Tromsø

Annonseinformasjon

FINN-kode 329518213
Sist endret 21. nov. 2023 12:02

Rapporter annonse