Ingeniør prosjekt
- Arbeidsgiver
- Linja AS
- Stillingstittel
- Ingeniør
- Frist
- 09.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
No søker vi etter deg som vil bli ein del av vårt dyktige team på Søre Sunnmøre.
Nordfjord, Sunnfjord, Sunnmøre -ein region med kort avstand frå kontoret til skibakken, frå dørstokken til fjæra, fantastisk natur kombinert med ein variert kvardag. 300 dyktige kollegaer jobbar frå fleire loakasjonar mellom Askvoll i sør til Ålesund i nord. Saman utvikler vi den viktigaste infrastrukturen i Noreg.
Linja søkjer deg som har eit genuint ønskje om å bidra til viktig og meiningsfullt utviklingsarbeid.
Som ingeniør i divisjon Prosjekt/Utføring, vil du:
- Utføre dimensjonering og detaljeprosjektering av lav- og høgspent distribusjonsnett
- Planlegge materiell og mannskap
- Følgje opp entreprenører og montører i byggefasen
- Sikre god økonomistyring, slik at kostnadsrammene vert følgde
- Varierteoppgåver i divisjon P/U
Dine kvalifikasjonar:
Bachelor eller tekniskfagskule innan elkraft. Kandidater som er sluttfase av utdanning opp modast og til å søkje. Erfaring med bygging og drift av kraftnett er ein fordel, men ikkje eit krav.
Fleksibilitet, initiativ og gode samarbeidsevner er viktige eigenskaper.
Vi tilbyr deg:
- Ein kultur som verdset omsorg for kvarandre
- Eit arbeidsmiljø prega av fellesskap og samhald
- Ei stilling i eit spanande teknologiselskap
- Konkurransedyktige vilkår og fleksible løysingar
Kvar vil du jobbe?
Din faste oppmøtestad vil vere i Dragsund.
Dagens straumnett er 11 300 km langt. Det tilsvarer avstanden fra Ålesund til Buenos Aires. Morgondagens samfunn krev både meir, og eit stadig sterkare nett. I denne stillinga vil du vere ei viktig brikke for ei meir berekraftig framtid og ein nøkkelperson i vårt kritiske samfunnsansvar.
Bli med på reisa - vi gler oss til å lese søknanden din!
Om arbeidsgiveren
Vil du bidra til den grøne omstillinga?
Kvar einaste dag løyser våre dyktige fagfolk utfordringar som gjer regionen og verda meir berekraftig. Vår oppgåve er å byggje, halde ved like og drifte eit straumnett som er rusta for ei elektrisk framtid. Vi er ei sentral drivkraft i det grøne skiftet.
Linja er eit av dei største nettselskapa i landet. Vi forsyner over 100 000 kundar med straum frå Askvoll i sør til Ålesund i nord. Vi er over 300 tilsette lokalisert i store delar av Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.
- Nettverk
- Sektor
- Privat
- Sted
- 6080 Gurskøy
- Bransje
- Kraft og energi
- Stillingsfunksjon
- Ingeniør
Nøkkelord
Ingeniør, Elkraft, Prosjektingeniør, Planlegger, Teknisk Fagskule

Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Kjell Krogstad
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Telefon
- 91 33 83 93
6080 Gurskøy