Er du vår nye økonom?
- Arbeidsgiver
- Herøy kommune
- Stillingstittel
- Økonom
- Frist
- 08.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Vi ser etter ein lagspelar som er god på å samhandle for å utvikle gode arbeidsprosessar. Du tek initiativ og har god gjennomføringsevne. Ser du heilskap og samanhengar og har blikk for dei store linjene og dei viktige detaljane, er dette jobben for deg!
Herøy kommune skal levere tenester og sikre velferden til innbyggarane, det utfordrar oss no og i framtida. I takt med utviklinga treng vi medarbeidarar som har god kompetanse på økonomi, men som likar å jobbe på tvers av organisasjonen. Du vil vere ein fagleg ressurs som vil støtte og rettleie leiarane våre, samstundes som du bidreg i utvikling av det økonomiske fagfeltet i kommunen.
Stillinga sorterer under økonomiavdelinga, som saman med HR/HMS-, kommunikasjon- og serviceavdelinga utgjer kommunedirektøren sin stab. Økonomiavdelinga har seks årsverk.
Arbeidsoppgåver
- vere med å gi rettleiing til kommunen si administrative og politiske leiing
- delta i arbeidet med budsjett og økonomiplan
- vere med i kartleggings- og analysearbeid
- ta del i arbeid med investeringsprosjekt og oppfølging av desse
- vere med i utviklings- og endringsarbeid
- utvikle rutinar, prosessar og styrke internkontrollen
Arbeidsoppgåvene kan tilpassast kompetanse og interesser, og kan bli endra i takt med tida.
Kvalifikasjonar
- bachelor innan økonomiske fag
- erfaring frå arbeid med økonomi og rekneskap er ein fordel, gjerne controlleroppgåver
- erfaring frå kommunal sektor er ønskeleg
- god IKT-kompetanse
- god formidlingsevne på norsk, både skriftleg og munnleg
Herøy kommune har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- du likar godt å jobbe sjølvstendig og i samarbeid med andre
- du har god formidlingsevne og er god til å bygge relasjonar
- du er strategisk og analytisk
- du jobbar målretta og strukturert
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- ei spennande og utfordrande stilling med høve til fagleg og personleg utvikling
- eit kompetent fag- og arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- fleksitidsordning
- løn etter avtale
Tilsetting etter gjeldande reglement, lov og avtaleverk.
Søkarliste kan verte offentleggjort og aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Om arbeidsgiveren
Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla ytst i storhavet på Sunnmøre. Det er 1,5 halv time reisetid til Ålesund og under 1 time til Ørsta-Volda lufthamn. Saman med kommunane Ulstein, Hareid, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda utgjer vi 50.000 innbyggjarar. Herøy kommune har nesten 9000 innbyggjarar. Arbeidsmarknaden er stor og variert, der dei maritime næringane har lange tradisjonar. Regionen har også anna industri og offentlege arbeidsplassar som sjukehus og høgskular. Herøy kommune er særleg kjend for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Med kort veg til fjell og fjøre, gjev dette eit naturleg grunnlag for aktivitetar både på sjø og land. Vi har eit breitt kultur-, fritid- og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg
- Bransje
- Konsulent og rådgivning,
- Offentlig administrasjon,
- Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon
- Økonomi og regnskap,
- Økonomi og regnskap / Controller,
- Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
økonomisk analyse, budsjettering, rekneskap, regnskap, internkontroll
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Geir Egil Olsen
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Mobil
- 90 16 66 89
- Kontaktperson
- Trond Arne Rossi Aglen
- Stillingstittel
- Kommunedirektør
- Mobil
- 93 26 76 84