Utløpt

Er du vår nye køyretøymekanikar?

Arbeidsgiver
Hydro Husnes
Stillingstittel
Køyretøymekanikar
Frist
10.12.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Hydro

Sidan 1905 har Hydro utvikla naturressursar til verdifulle produkt for menneske og verksemder, med fokus på trygge og gode arbeidsplassar for våre 30 000 tilsette på fleire enn 140 stader i verda.
Hydro skal vere leiande i arbeidet med å utforme ei bærekraftig framtid og ønskjer å skapa meir livskraftige samfunn gjennom nyskapande og effektiv utvikling av naturressursar til løysingar og produkt som betyr noko.

Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden, i Kvinnherad kommune i Sunnhordland, med gode oppvekstsvilkår for born og ungdom. Området kan by på idyllisk skjærgård, høge fjell og isbrear, og det er flotte moglegheiter for fritidsaktiviteter både sommar- og vinterstid. Verket er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på 200 000 tonn elektrolysemetall. I tillegg til produksjon av primæraluminium har verket eit støyperi for produksjon av pressbolt, og totalt kring 340 ansatte.

Køyretøyverkstaden inngår i Teknisk Eining og har som mål å reparere og vedlikehalde produksjonskøyretøy til metallverket. Teamet består av 14 fast tilsette, samt 1 lærling.
Me søkjer no etter ein kjøretøymekanikar til vår verkstad. Stillinga er ei viktig brikke for å oppretthalde stabil drift og oppetid på kritisk utstyr.

Ansvarsområde
Som køyretøymekanikar vil du jobbe i vår køyretøyverkstad og utføra førebyggjande, planlagt og korrektivt vedlikehald på eit stort utval av køyretøy.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:
* Vedlikehald av maskinparken til verket
* Dagleg oppfylgjing av utstyr og maskiner
* Vere ein pådrivar i HMS-arbeid
* Vere ein pådrivar i standardiserings- og forbetringsarbeid
* Rapportere i Hydro Husnes sitt vedlikehaldssystem

Kvalifikasjonar
* Fagbrev som anleggsmaskinmekanikar eller anna relevant fagbrev innan til dømes bilfag
* Kompetanse og erfaring frå vedlikehald av anleggsmaskiner
* Interesse og erfaring innan digitalisering/automatisering er ein fordel
* Kompetanse og erfaring innan hydraulikk og elektrisk er ein fordel
* Førerkort klasse B
* Evne til å nytta digitale arbeidsverktøy
* Evne til å utføre jobben i henhold til AMBS-prinsippa og Hydro sine verdiar
* Gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg

Som person er du initiativrik, fleksibel og strukturert. Du jobbar godt sjølvstendig, men fungerer og bra i team. Du ser verdien av å dele kunnskap, har godt humør og held hovudet kaldt i ein hektisk kvardag.

Som køyretøymekanikar vil du bli ein del av vaktordninga ved verket. Det er derfor viktig at du bur i nærleiken for å ha moglegheit til å rykke ut raskt på utkallingar.

Stillinga rapporterer til Områdeleiar Køyretøy.

Tilleggsinformasjon
Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse

Me tek kun imot elektroniske søknadar, søknadsbrev og CV vert ikkje tekne imot på epost.

Hydro går i ein ny og spanande retning, og me er avhengige av ulike perspektiv for å løyse oppgåvene våre og møte kundane sitt behov. Me byggjer på våre tre kjerneverdiar - omtanke, mot og samarbeid - og har som mål å ha eit bærekraftig arbeidsmiljø med høg prestasjon basert på inkludering av forskjellige menneske.

Søknadsfrist: 10.12.2023

Viss du har spørsmål kan du kontakte:

Leiar:
Thore Lillesand
Mobil: (Norway +47) 99551925

Rekrutterer
Berit Åkre
(Norway +47) 92227339



Om arbeidsgiveren

Vil du være med på å forme en bærekraftig fremtid? Med sine 30 000 ansatte verden over og sin tilstedeværelse i en rekke markeder for aluminium og metallgjenvinning, energi, batterier og fornybar energi besitter Hydro unik innsikt, kunnskap og kompetanse. Vi har en stolt historie og ønsker å være ledende i arbeidet med å skape en bærekraftig fremtid ved å utvikle naturressurser til innovative produkter og løsninger. Og det er alle våre dyktige medarbeidere som er vår viktigste suksessfaktor.

Sektor
Privat
Sted
5460 Husnes
Bransje
Bil, kjøretøy og verksted,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Verksindustri
Stillingsfunksjon
Håndverker / Mekaniker,
Maskinfører og -operatør

Nøkkelord

Anleggsmaskinmekaniker, Bilmekaniker, Verksted, Industri, Mekaniker

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Thore Lillesand
Telefon
99 55 19 25
Kontaktperson
Thore Lillesand
Stillingstittel
Områdeleiar Køyretøy
Følg firma
2654 følger dette firmaet

5460 Husnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 329456090
Sist endret 1. jan. 2024 15:36

Rapporter annonse