Ynskjer du og arbeida som miljørettleiar?

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Miljørettleiar
Frist
11.12.2023
Ansettelsesform
Prosjekt

Integreringstenesta har ledig 1 mellombels stilling 100 % som miljørettleiar
 
Om arbeidsstaden Voss herad busette flyktningar etter avtale med IMDi. Ein stor del av desse kjem frå Ukraina, men me buset og flyktningar frå andre konfliktområde. Me har ledig ein mellombels stilling som primært skal arbeida med oppfølging av flyktningar. For stillinga er det ønskjeleg med oppstart snarast mogeleg.

Om avdelinga Stillinga er i Integreringstenesta som held til i Knutepunktet. Auke i tal tilsette gjer at tenesta og må nytte kontorplassar i Tinghuset. I integreringstenesta vert du del av eit fagleg godt miljø, med integreringsrådgjevarar, miljøterapeutar og miljøarbeidarar. Tenesta har ansvar for planlegging og gjennomføring av busetting i tråd med heradet sine vedtak, og oppfølging av busette flyktningar dei første åra dei bur på Voss. 

Tidsrom: 

  •  Mellombels stilling frå snarast og 1 år frå oppstartsdato 

Arbeidsoppgåver:

  • gje oppfølging til busette flyktningar
  • rådgjeving som praktisk bistand, og  må rekna med å delta i andre oppgåver ved tenesta når det er trong for det
  • arbeid utover ordinær arbeidstid kan førekomme

Me ynskjer:

  • vernepleiar, sosionom, barneverspedagog eller anna relevant erfaring
  • røynsel frå arbeid med flyktningar
  • deg som er sjølvstendig, men likar å jobba i team
  • du er fleksibel og god til å knyte relasjonar
  • du er trygg på deg sjølv og ikkje redd for å vere tydeleg i din kommunikasjon med andre
  • du har førarkort for personbil

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • tenlege lokaler i Knutepunktet, sentralt på Voss
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

 

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor
Offentlig
Sted
Tvildemoen<br/>Magasinvegen 35, 5700 Voss
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Sosionom,
Saksbehandler

Nøkkelord

flytkning, integrering, miljørettleiar, offentleg, administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Martine Kilen Nordbø
Telefon
95 26 20 16
Følg firma
157 følger dette firmaet

Tvildemoen<br/>Magasinvegen 35, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 329454728
Sist endret 20. nov. 2023 15:26

Rapporter annonse