Har du erfaring som industrirøyrleggjar?

Arbeidsgiver
Hydro Husnes
Stillingstittel
Operatør bygg- og vassforsyning
Frist
10.12.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Hydro

Sidan 1905 har Hydro utvikla naturressursar til verdifulle produkt for menneske og verksemder, med fokus på trygge og gode arbeidsplassar for våre 30 000 tilsette på fleire enn 140 stader i verda.

Hydro skal vere leiande i arbeidet med å utforme ei bærekraftig framtid og ønskjer å skapa meir livskraftige samfunn gjennom nyskapande og effektiv utvikling av naturressurser til løysingar og produkt som betyr noko.

Hydro Husnes er 100 % eigd av Hydro, og er Norges fjerde største aluminiumprodusent, målt etter årleg produksjonskapasitet på ca. 200 000 tonn elektrolysemetall. Hydro Husnes ligg ved utløpet av Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune i Sunnhordland. Området har gode oppvekstvilkår og kan by på alt frå idylliske fjordar til høgfjell og isbrèar, som gjev stort spelerom for fritidsaktivitetar både sommar- og vinterstid.

Område for infrastruktur høyrer til teknisk eining og har ansvar for vedlikehald av bygg- og vassforsyning ved Hydro Husnes. Me søkjer etter ein ny kollega med røyrleggjarbakgrunn og godt humør. Du vil inngå i eit tverrfagleg team som dagleg bidreg til at Hydro Husnes kan nå sine mål.

Arbeidsoppgåvene vil blant anna vere:

* Planlegge og utføre førebyggjande vedlikehald av bygg og anlegg

* Bidra i forbetringsarbeid i eige område

* Bidra til å utvikle og optimalisere arbeidsprosessar

* Halde seg fagleg oppdatert, dele kunnskap og erfaringar i organisasjonen

* Støtte drifts- og vedlikehaldsmiljø med fagkompetanse, samt delta i verket sitt forbetringsarbeid

* Bidra til eit aktivt og førebyggjande HMS-arbeid

Kvalifikasjonar

* Fagbrev innan røyrleggjarfaget eller industrirøyrleggjarfaget

* VVS-erfaring og ADK-sertifikat er ein fordel

* Erfaring fra industri

* Beherske digitale arbeidsverktøy

* Evne til å utføra jobben i samsvar med AMBS-prinsippa og Hydro sine verdiar

* God til å kommunisere og samarbeide med andre

Stillinga er på dagtid og rapporterer til Områdeleiar infrastruktur.

Me ser etter deg som er:

Initiativrik, løysingsorientert og sjølvstendig. For å lykkast og trivast i jobben må du ha godt humør, vere fagleg dyktig og ha allsidig erfaring. Du må ta ansvar der det trengs og tenkje proaktivt kring HMS. Du er lærevillig, engasjert og jobbar like godt sjølvstendig som i team.

Tilleggsinformasjon

Helse, miljø og tryggleik (HMS) er integrerte deler av Hydro sitt daglege virke. Det er vårt ansvar å verna om våre tilsette si helse, og bidra til ei berekraftig utvikling i våre nærmiljø. Me søkjer difor tilsette som yt eit positivt bidrag til dette, gjennom sunne og medvitne haldningar til HMS og som handlar i tråd med desse

Me tek kun imot elektroniske søknadar, søknadsbrev og CV vert ikkje tekne imot på epost.

Hydro går i ein ny og spanande retning, og me er avhengige av ulike perspektiv for å løyse oppgåvene våre og møte kundane sitt behov. Me byggjer på våre tre kjerneverdier - omtanke, mot og samarbeid - og har som mål å ha eit bærekraftig arbeidsmiljø med høg prestasjon basert på inkludering av forskjellige menneske.

Søknadsfrist: 10.12.2023

Viss du har spørsmål kan du kontakte:

Leiar:

Fred Nilsen

Mobil: (Norway +47) 45853909

Rekrutterer

Berit Åkre

(Norway +47) 92227339


Om arbeidsgiveren

Vil du være med på å forme en bærekraftig fremtid?

Med sine 30 000 ansatte verden over og sin tilstedeværelse i en rekke markeder for aluminium og metallgjenvinning, energi, batterier og fornybar energi besitter Hydro unik innsikt, kunnskap og kompetanse.

Vi har en stolt historie og ønsker å være ledende i arbeidet med å skape en bærekraftig fremtid ved å utvikle naturressurser til innovative produkter og løsninger. Og det er alle våre dyktige medarbeidere som er vår viktigste suksessfaktor.

Sektor
Privat
Sted
5460 Husnes
Bransje
Bygg og anlegg,
Drift og vedlikeholdstjenester,
Verksindustri
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester,
Håndverker / Rørlegger

Nøkkelord

Operatør, Rørlegger, Industrirørlegger, Industri, Vedlikehold

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Fred Nilsen
Telefon
45 85 39 09
Kontaktperson
Fred Nilsen
Stillingstittel
Områdeleder Infrastruktur
Følg firma
2444 følger dette firmaet

5460 Husnes

Annonseinformasjon

FINN-kode 329439089
Sist endret 20. nov. 2023 15:02

Rapporter annonse