Utløpt

Fagansvarleg økonomisk kriminalitet privatmarknad

Arbeidsgiver
Sparebanken Sogn og Fjordane
Stillingstittel
Fagansvarleg
Frist
04.12.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Sparebanken Sogn Og Fjordane

Ønskjer du å bidra i arbeidet mot økonomisk kriminalitet?  

Har du lyst til å avdekke og førebygge økonomisk kriminalitet og sikre at banken etterlev regelverket på området? Er du analytisk og brenn for gode prosessar? Som eit ledd i å styrke satsinga vår på dette området ser vi no etter fagansvarleg økonomisk kriminalitet. 

Som fagansvarleg vil du arbeide på avdeling for økonomisk kriminalitet. Stillinga vil ha tett samspel med forretningsområdet privatmarknad.  

Stillinga vil ha hovudfokus på å halde seg fagleg oppdatert på kompetansen på området, oppdatering av risikovurdering og retningslinjer, samt opplæring på området.   

Økonomisk kriminalitet endrar stadig form, og problemstillingane blir meir komplekse. Vi ser etter deg som evnar å sjå, forstå og analysere ulike indikatorar innan området.  

Du er utviklings- og løysingsorientert og du trivast med å løyse aktuelle problemstillingar i lag med eit kompetent team.   

Arbeidsoppgåver 

  • Oppdatere retningslinjer ut frå nye krav og forventingar
  • Fornye og utbetre prosessar og system 
  • Analysere kundedata opp mot ulike risikoindikatorar samt identifisere modus og trendar
  • Sikre prosess og opplæring av banken sine tilsette

Vidare vil ein bidra i det operative arbeidet  på avdelinga med å analysere enkeltsaker opp mot banken si risikovurdering.  

Eigenskapar og kompetanse 

  • Du har relevant høgare utdanning innanfor økonomi, informatikk, matematikk, statistikk eller liknande, og relevant arbeidserfaring frå rapporteringspliktig organisasjon, gjerne frå bank
  • Du har god IT-kunnskap 
  • Interesse for eller god erfaring med arbeid knytt til antikvitvask/økonomisk kriminalitet, samt lovar og reglar på området er ein klar fordel 
  • Strukturert, sterk drivkraft og god gjennomføringsevne 
  • Evne til å kommunisere godt og tydeleg, både på norsk og engelsk 

Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og redusert arbeidstid får mai til august. Vi legg vekt på at det skal vere ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv. 

Har du spørsmål om stillinga kontakt HR Direktør Eirik Rostad Ness, tlf. 951 22 583.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.

Sektor
Privat
Sted
Langebruvegen 12, 6800 Førde
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Annet

Nøkkelord

Økonomisk kriminalitet, etterleving, analyse, ahv, aml

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eirik Rostad Ness
Stillingstittel
HR direktør
Telefon
95 12 25 83
Følg firma
100 følger dette firmaet

Langebruvegen 12, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 329432588
Sist endret 1. jan. 2024 12:56

Rapporter annonse