Vi søkjer økonom med gode analyseferdigheiter! Er det deg?

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar i Eigaravdelinga
Frist
11.12.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET

Fast stilling som førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar i Eigaravdelinga

Om Eigaravdelinga

Hovudoppgåva til eigaravdelinga er eigarstyringa av dei regionale helseføretaka og statsføretaket Norsk helsenett SF. Avdelinga arbeider med å peike ut og følgje opp styra for verksemda. Dette inkluderer mellom anna ansvaret for å førebu føretaksmøte og å følgje opp krav som vert stilte på økonomi- og organiseringsområdet.

Eigaravdelinga består av 15 medarbeidarar fordelte på to seksjonar som samarbeider mykje med kvarandre. Dei to seksjonane er seksjon for økonomisk styring og seksjon for organisasjon og styring. Den ledige stillinga er i seksjon for økonomisk styring.

Seksjonen har ansvar for det samla sjukehusopplegget med ei samla ramme på om lag 215 milliardar kroner og ein utlånsportefølje på om lag 40 milliardar kroner. Seksjonen handterer eit stort antal førespurnader og spørsmål om økonomi og investeringar i helseføretaka. Vi kan love deg utfordrande og motiverande oppgåver på eit område av stor samfunnsmessig betydning og med stor offentleg merksemd!


Arbeidsoppgåver

Som den nye kollegaen vår skal du

  • arbeide med oppgåver knytte til det økonomiske opplegget for dei regionale helseføretaka og oppfølging på økonomiområdet
  • ha eit særskilt ansvar for utvikling av rekneark, analysegrunnlag og analysar
  • vidareutvikle system for forvaltning av låna til helseføretaka og arbeide med oppgåver og analysar knytte til forvaltninga

Du vil også bidra inn i dei andre oppgåvene som høyrer til avdelinga sitt arbeidsfelt


Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Du må

  • ha høgare utdanning på masternivå innan økonomi, rekneskap, revisjon eller liknande
  • ha relevant erfaring frå offentleg eller privat verksemd, men nyutdanna med gode resultat kan òg søkje
  • vere avansert brukar av rekneark
  • ha interesse for å utarbeide statistikk og analysar
  • ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne

Vi krev som hovudregel minimum 3 års relevant erfaring for stilling som rådgjevar og 6 år for stilling som seniorrådgjevar. Nyutdanna kan søkje på stillinga som førstekonsulent.

Det er ein fordel om du har kunnskap om styringa av spesialisthelsetenesta og erfaring frå helseføretak / regionale helseføretak.

Som vår nye kollega forventar vi at du

  • tek initiativ og er sjølvstendig
  • er strukturert og har god gjennomføringsevne
  • arbeider effektivt under stramme tidsfristar
  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har god samfunnsforståing og evne til å forstå politiske prosessar

Vi legg særleg vekt på om du er personleg eigna for stillinga.

Den som vert tilsett må kunne autoriserast for behandling av informasjon gradert BEGRENSA eller høgare etter sikkerheitslova.


Vi tilbyr

  • fast stilling
  • stillingsbrøk: 100 %
  • utfordrande og spennande arbeidsoppgåver 
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar
  • moglegheit for trening i arbeidstida

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet (https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse--og-omsorgsdepartementet/id2411858/)

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

kr 530 000 - 900 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.


Vil du vite meir? 

Ta kontakt med avdelingsdirektør Astri Knapstad på telefon 99 15 02 23.


Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

 

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  


Mangfald og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Om arbeidsgiveren

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka. Departementet har 250 tilsette.
Les meir om oss på regjeringa.no.

Sektor
Offentlig
Sted
Teatergata 9, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Astri Knapstad
Stillingstittel
Avdelingsdirektør
Telefon
99 15 02 23
Følg firma
1014 følger dette firmaet

Teatergata 9, 0180 Oslo

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 329431884
Sist endret 20. nov. 2023 12:50

Rapporter annonse