Inaktiv

Rådgjevar ved Felles tenestekontor

Arbeidsgiver
Vest politidistrikt
Stillingstittel
Rådgjevar ved Felles tenestekontor
Frist
03.12.2023
Ansettelsesform
Fast

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for operativ teneste er det ledig ei fast stilling som rådgjevar SKO 1434 ved Felles tenestekontor. For spesielt kvalifiserte søkjarar vil vi vurdere å tilsetje i stilling som seniorrådgjevar SKO 1364.

Felles tenestekontor (FTK) er politidistriktet sin sentrale utøvande funksjon for heilskapleg og kontinuerleg arbeidsplanlegging og ressursdisponering av alle operative ressursar. FTK skal ta vare på politidistriktet sitt kontinuerlege behov for heilskapleg ressurs- og kompetanseoversikt. FTK skal sikre at tenesta utførast med rett kompetanse på rett stad på ein kostnadseffektiv måte. FTK har ansvar for fag- og metodeutvikling, kvalitetssikring, statistikk og analyse. I den operative staben til politimeisteren bekler FTK rolla som P1 (personell).

Vi søkjer deg som er motivert til å vidareutvikle norsk politi til eit kompetetent og effektivt politi. Arbeidet skal vere i takt med samfunnsutviklinga med bruk av moderne verktøy og arbeidsmetodar. Vi søkjer deg som har pågangsmot og er interessert i å bidra i samfunnsoppdraget. Du evnar å utfordre det etablerte for å drive mest mogleg effektivt og levera høg kvalitet i arbeidet. Du har ein profil innan analyse, innan stats- eller samfunnvitskap. Du evner å sjå heilskapen, er nytenkjande og har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til vidareutvikling av arbeidsprossesar knytt til tenesteplanlegging
  • Ansvarleg for å utarbeide analysar som understøttar kostnadseffektive løysingar samtidig som det blir
  • sørgt for god og tilgjengeleg polititeneste
  • Sørgje for effektiv ressursutnytting og måloppnåing i tenesteproduksjonen
  • Bidra med digitale løysingar som støtter fagfeltet
  • Handtere saker av høg kompleksitet innan fagområdet
  • Vere fagleg rådgjevar og kunnskapsformidlar for andre samarbeidspartnarar i politidistriktet
  • Vere ein kompetanse- og ressursperson som gir opplæring og instruksjon innan fagfeltet
  • Vere ein pådrivar og kulturbærar til å ta i bruk ny metodikk og utvikle faget
  • Vere rådgjevar i samband med arbeidsplanlegging ved spesielle hendingar og delta i stabsarbeid
  • Andre oppgåver pålagt av overordna

Kvalifikasjonar

  • Relevant mastergrad eller relevant utdanning frå høgskule /universitet på minimum bachelornivåkombinert med relevant arbeidserfaring
  • Relevant arbeidserfaring blir vektlagt, og kan i særskilde tilfeller (minimum 10 år) erstatte kravet til utdanning
  • For stilling som seniorrådgjevar er det krav om relevant mastergrad og minimum 5 års relevant arbeidserfaring
  • God munnleg og skriftleg framføring på begge målformer
  • Svært god IT- og systemkompetanse, med evne til å setje seg raskt inn i nye system
  • Erfaring og/ eller utdanning innan analyse, fortrinnsvis innan stats- eller samfunnvitskap
  • Gode føresetnader for å tileigna deg kunnskap om styringssystemet TTA og Særavtale om arbeidstidsbestemmelser (ATB-avtalen) blir vektlagt
  • Kunnskap om virksomhetsregulerande lover, intrukser og interne rutinar er ein fordel
  • Må kunne klarerast for HEMMELEG jf. sikkerhetslova

Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide analytisk, sjølvstendig og systematisk
  • Gode analytiske egenskapar og evne til å handle i eit heilskapleg perspektiv og bidra til god verksemdsutvikling
  • Høg arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
  • Evne til å tenke kreativt og bruke naudsynt verktøy for å løyse oppdraget

Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om våreetiske retningslinjer og medarbeiderplattform her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere ein del av samfunnsoppdraget som politiet forvalter
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir lønna som

- rådgjevar SKO 1434 frå ltr 65/ kr 635 400,- til ltr 70/ kr 692 400,-brutto per år

- seniorrådgjevar SKO 1364 frå ltr. 73/ kr 732 300,- til ltr. 76/ kr 777 900,-brutto per år

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og
  • forsikringsordningar(www.spk.no)
  • Gode arbeidsvilkår (t.d. fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)


Generelt:

For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsportal dersom dei har funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25. Vi ber om elektronisk søknad via lenka.

Ref. nr: 23/245890

Om arbeidsgiveren

Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar.
Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.

Sektor
Offentlig
Sted
Nesttunbrekka 95, 5221 Nesttun
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Politi og sikkerhet
Stillingsfunksjon
Analyse,
Politi,
Rådgivning

Nøkkelord

amalytiker, rådgiver, tjenesteplanlegging, arbeidsplanlegging

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Julie Ekeland
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
98 26 42 70
Kontaktperson
Spørsmål om elektronisk CV/ Søknad
Stillingstittel
Seksjon for HR
Følg firma
321 følger dette firmaet

Nesttunbrekka 95, 5221 Nesttun

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 329427860
Sist endret 4. des. 2023 00:04

Rapporter annonse