Øygarden brann og redning
- Arbeidsgiver
- Øygarden kommune Øygarden brann og redning
- Stillingstittel
- 100% fast Leiar beredskapsavdelinga
- Frist
- 03.12.2023
- Ansettelsesform
- Fast
Vi ser etter deg som ønskjer å vere vår nye avdelingsleiar, samt ein del av leiarteamet ved brann og redningstenesta i Øygarden kommune
Kanskje kjem du frå ei leiarstilling i anna brann og redningsteneste, Politiet, Forsvaret, Sivilforsvaret eller ei stilling der strategisk leiing og operativ beredskap er aktuelle arbeidsområde. Du er ein leiar som har tru på at det alltid er mogleg å skape forbetring, og samstundes evnar å sjå den einskilde medarbeidar i sitt arbeid. Jobbinnhaldet er variert og utfordrande, og utvikling av samarbeid med tunge næringslivsaktørar som t.d. Equinor, er ei av oppgåvene.
Om Øygarden brann og redning
Øygarden brann og redning (ØBR) er ei eining i kommunalsjefområde Organisasjon og samfunnssikkerheit. ØBR er inndelt i ei administrasjonsavdeling, beredskapsavdeling og førebyggjande avdeling. Hovudbrannstasjonen ligg på Ågotnes. I tillegg er det brannstasjonar på Dalsneset og i Skogsskiftet. I tillegg har vi ein samarbeidsavtale med Equinor, der fire tilsette frå ØBR inngår i ein dagkasernert styrke med lokasjon på Kollsnes prosessanlegg. Brann- og redningstenesta har om lag 65 heil og deltidstilsette. Meir info: www.oybr.no. ØBR er med i det langsiktige brann og redningssamarbeid Vest brann og redningsregion.
Om beredskapsavdelinga og stillinga
Stillinga, som er lyst ut, rapporterer til brann og redningssjefen, og inngår i leiargruppa. Det er om lag 55 heil og deltidstilsette medarbeidarar ved avdelinga. ØBR har eit aktivt fagmiljø og mange faglege utfordringar. Du får fleksitidordning, og har to timar trening inkludert i arbeidstida per veke. Det er treningsrom tilgjengeleg på arbeidsstaden. Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, og løn etter avtale. Uniformering etter gjeldande uniformsreglement.
Det kan vere aktuelt å leggje varabrannsjeffunksjon til stillinga. Dette vert vurdert særskilt. Varabrannsjefen er brann- og redningssjefen sin faste avløysar.
Kvinner vert særleg oppmode til å søkje.
Ansvarsområde
- dagleg leiing av beredskapsavdelinga; oppfølgingsansvar for personell, fag og budsjett ved avdelinga
- strategisk planlegging og vurdering av brann og redningsberedskapen i kommunen, ROSanalysar
- HMSKarbeid ved avdelinga, t.d. sikre læring etter hendingar
- inngå som ein del av leiargruppa ved ØBR, og vere bidragsytar til å løyse utfordringar som vert diskutert i toppleiinga
- medverke i kommunen sitt beredskapsforum, som vert leia av eining for Tryggleik
- deltaking i 5delt vaktordning for vakthavande brannsjef (jf. § 44 i brann og redningsvesenforskriften), som vert godtgjort særskilt. Deltaking i vakta medfører at det er ønskjeleg at ein bur i kommunen, men det vert gjort ei vurdering for aktuelle kandidatar.
Kvalifikasjonskrav
- høgskule eller universitetsutdanning på minimum Bachelornivå, eventuelt kvalifisert som utrykkingsleiar heiltid. Jf. brann og redningsvesenforskriften § 42
- relevant erfaring som leiar frå aktuelt fagområde med eit oppfølgingsansvar for personell, fag og budsjett
- førarkort kl. B, og tilfredsstiller helsekrav til å kunne kjøre utrykking (kode 160). Om ein ikkje allereie har kode 160, kan kurs for dette gjennomførast etter tilsetting
- den som vert tilsett må kunne legge fram politiattest etter brann og eksplosjonsvernloven § 18 med tilfredsstillande vandel
Ønskjelege kvalifikasjonar
- Tilleggsutdanning innan leiing og økonomi
- Kompetanse iht § 44 Personell i overordnet vaktberedskap (brann- og redningsvesenforskriften). Personar som ikkje tilfredsstillar krava til overordna vakt, får nødvendig opplæring innan 2 år.
Personlege eigenskapar
- God på kommunikasjon, samarbeid, motivasjon
- Stiller tydelege krav, følgjer opp og legger til rette for gjennomføring
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevnar i norsk
- Har ein strukturert og analytisk arbeidsform
- Evner å tenkje strategisk både på kort og lengre sikt
Kontakt
Spørsmål om stillinga kan rettast til brann og redningssjef:
Bjørn Olav Paulsen, tlf. 934 41 955
Bjorn.Paulsen@oygarden.kommune.no
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel, og bustads eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar, dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette. Saksbehandling i Øygarden kommune er på nynorsk.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 400 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Tranesvegen 15, 5347 Ågotnes
- Bransje
- Forsvar og militær,
- Politi og sikkerhet,
- Annet
- Stillingsfunksjon
- Brannvern,
- Sikkerhet
- Arbeidsspråk
- Norsk
Nøkkelord
leiar, leder, brannvesenet, bredskapsavdeling
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Bjørn Olav Paulsen
- Telefon
- 93 44 19 55