Utløpt

Lege i spesialisering - vikariat

Arbeidsgiver
Helse Stavanger HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering - vikariat
Frist
26.11.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Stavanger universitetssjukehus, Helse Stavanger HF

Barne- og ungdomsklinikken i Stavanger søker legar som ønsker å fordjupa seg i den aller beste spesialiteten, nemleg pediatri! Vi har eit ledig LIS2/3-vikariat, og det er god moglegheit for å få vikariatet forlenga. Er du allmennlege og treng sjukehusteneste, er dette perfekt.

Kven er vi?

Vi behandlar born i alle aldersgrupper - frå dei yngste premature og opp til 18-årsdagen. Avdelinga er inndelt i nyføddintensiv, sengepost for born og unge, og poliklinikk. For dei talinteresserte: Barnepopulasjonen er på ca 86.000 born, SUS har 4500 fødslar/år, BUK har ca 2500 innleggingar/år og poliklinikken har ca 18000 konsultasjonar/år. Vi har 42,5 legestillingar korav 14 LIS, og to av LIS-stillingane er 50% stipendiatstilling.

Vi underviser medisinstudentar, og mange av legane jobbar med forsking, dei viktigaste felta er lunge/allergi, nyføddmedisin, infeksjonsmedisin og endokrinologi.

Legane er fordelt i fleire i faggrupper med fagansvarlege overlegar i alle pediatriske fagfelt. Vi har utdanningsansvarleg overlege, eit CL-team med psykologar og eit tverrfagleg barnepalliativt team.

Kva tilbyr vi?

Avdelinga gjev moglegheit for fullt utdanningsløp i pediatri, og for deltaking i forskingsprosjekt. Hos oss møter du eit stort spenn av ulike tilstandar og diagnosar, og mange engasjerte kolleger å diskutera med. Du får faste fordjupingsdagar (6 dagar per 12 veker) og regelmessig friveke. Vaktsjiktet er 12-delt per d.d. Ikkje minst har vi eit svært triveleg og trygt arbeidsmiljø både blant LIS og heile legegruppa, med mange sosiale treff. Vår utdanningsansvarlege overlege engasjerer seg stort både i LIS-ane si utdanning og generelle velvære, og sørger for både veileder, fadder og grundig opplæring til nye LIS.

Stavanger er ein triveleg by med alt ein kan ønska seg av uteliv, kultur og shopping, og der er mange flotte friluftsområde i og like utanfor byen, anten ein likar seg på vatnet eller i fjellet.

Kven er du?

Du er grei og hyggeleg, du likar å læra og utvikla deg, og det er absolutt ein fordel om du er glad i born. Du likar å kommunisera med både store og små. Du likar ein jobb med utfordringar innanfor trygge rammer, og du har gjennomført LIS1-teneste. Du likar både sjølvstendig arbeid og teamarbeid. Og kanskje har du hatt ein barnelege i magen ei stund?

Praktiske forhold:

Det er ledig eit 6 månaders LIS-vikariat ved avdelinga med snarleg oppstart. Det er moglegheit for forlenging. Du må ha gjennomført LIS1 før oppstart.

Den som får tilbod om tilsetjing må legga fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.

Ein bed om at det blir oppført om ein følger ny eller gammal utdanningsordning for legar. Dersom ein har teljande teneste frå før, er det ønskeleg at ein oppgjev kor lang tid ein har att til spesialitet.

Ta kontakt med avdelingsoverlege om du har spørsmål!

Attester, vitnemål og eventuell annen relevant dokumentasjon må vedleggast søknaden.


Arbeidsoppgaver

  • LIS deltar i primærvakt ved avdelinga og roterer mellom dei ulike sengepostane og poliklinikk.
  • Dagtidsarbeidet består av visittgang, mottak og poliklinisk vurdering av pasientar, samt barselundersøking av nyfødde.
  • Nytilsette legar gjennomgår ein opplæringsperiode både på nyføddintensiv og på store barn, samt opplæringsvakter før ein har sjølvstendig vakt.

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som lege og gjennomført LIS1-teneste
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har anna morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i foretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå.
  • Det vil bli krevd politiattest av den som blir tilsett, jfr. Helsepersonelloven §20a.

Personlige egenskaper

  • Motivasjon for fagfeltet.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • God fagleg vurderingsevne og tar initiativ til læring
  • Målretta, strukturert og effektiv.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Tydeleg og forståeleg kommunikasjon
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overenskomst.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Eit svært triveleg og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv(IA)-bedrift.
  • Gode velferdstilbod som m.a. bedriftsidrettslag og turgruppe.

Mangfoldserklæring

Foretaksgruppa i Helse Vest ønsker å gjenspegla mangfoldet i befolkninga i vår rekruttering.Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søka ledige stillingar uansettkjønn, alder, funksjonshemming og flerkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Foretaksgruppa HelseVest ønsker å legga til rette for ei inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

 


Helse Stavanger HF, Stavanger universitetssjukehus, har ansvar for spesialisthelsetjenesten i Sør-Rogaland. Med over 7800 ansatte er vi en av regionens største arbeidsgivere. Pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, pasientopplæring og forskning er våre hovedoppgaver. Les mer på www.helse-stavanger.no. 


Helse Stavanger HF skal så langt som mulig gjenspeile mangfoldet i befolkningen. Vi ønsker å rekruttere medarbeidere uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjoner, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetjenesten.

Sektor
Offentlig
Sted
Gerd Ragna Bloch Thorsens gate, 4019 Stavanger
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege,
Lege / Barnesykdommer,
Lege / LIS

Nøkkelord

barne, ungdomsklinikken, Kvinneklinikken, LIS, lege

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ann Marit Gilje
Stillingstittel
Avdelingsoverlege
Telefon
51 51 34 79
Følg firma
1176 følger dette firmaet

Gerd Ragna Bloch Thorsens gate, 4019 Stavanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 329407655
Sist endret 20. nov. 2023 09:17

Rapporter annonse