KrF søker organisasjonsutviklar i Vestland
Kristelig Folkeparti
- Frist 1.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du jobbe med å byggje KrF for framtida?
Vil du vera med på eit framoverlent KrF-lag og utgjera ein forskjell?
Vi søker ein organisasjonsutviklar i Vestland. Som organisasjonsutviklar er du dagleg leiar av fylkeslaget og jobbar tett med fylkesstyret for å dyrke frem sterke lokallag og rekruttere og inspirere medlemmar, tillitsvalde og folkevalde. Du vil være knytt til KrFs sentrale partiapparat ved organisasjonssjef og vera ein del av KrF sitt organisasjonsteam som jobbar tett på den politiske pulsen nasjonalt og lokalt.
Arbeidsstad: Bergen eller Oslo. Andre stadar kan vurderast.
Stillingsprosent: 100
Søknadsfrist: 01.12.2023
Oppstart: Etter avtale
Arbeidsoppgåver
· Dagleg leiar for Vestland KrF
· Tett kontakt med og oppfølging av lokallag, fylkeslag, folkevalde og tillitsvalde.
· Målretta rekruttering og aktivering av medlemmar, tillitsvalde og folkevalde.
· Skuleringsarbeid
· Organisasjons- og styrearbeid
· Sekretær for fylkestingsgruppa
Ønskja eigenskapar og kompetanse
· Erfaring frå organisasjons- og kampanjearbeid
· Nytenkande, initiativrik og effektiv
· Svært gode munnlege og skriftlege evner til framstilling
· Relevant høgare utdanning innan samfunnsvitskap, økonomi, organisasjonsleiing, endringsleiing eller innovasjon (relevant erfaring kan kompensere for utdanning)
· Kjennskap til KrFs verdigrunnlag og arbeid
Vi tilbyr
· Innsikt i viktige politiske prosessar
· Medverknad i spennande og innovative organisatoriske avgjersle
· Stor grad av sjølvstende og fleksibilitet
· Moglegheit til å arbeida i Bergen, eller på KrFs landskontor i Oslo sentrum
· Lønn etter avtale
· Pensjonsordning i KLP
Som tilsett må du dele KrF sitt verdigrunnlag og arbeide for å realisere KrFs verdiar og vedtekne politikk. Stillinga gjeld som «særskild uavhengig» og det må påreknast arbeid utanfor kjernetid i samanheng med møter, organisasjonsarbeid og oppfølging av lokallag. Det må påreknast reising i hele fylket, samt noko nasjonalt. Søkjaren må ha førarkort klasse B og kunne disponere bil. Som arbeidstakar i KrF sitt organisasjonsteam vil du komme tett på viktige prosessar i partiet og ha ei fleksibel arbeidstid.
Søknad og CV sendes på e-post til eek@krf.no innan 1.12.2023
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Organisasjoner
- Sted: Vestre Murallmenning 15, 5011 Bergen
- Bransje: Markedsføring og annonsering, Organisasjoner, PR, informasjon og kommunikasjon
- Stillingsfunksjon: Kurs og opplæring, PR og informasjon, Saksbehandler
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Kontor og administrasjon, Koordinering, Prosjektledelse, Kontorarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329403448
- Sist endret