Barnehagelærar 

Arbeidsgiver
Kvam herad
Stillingstittel
Barnehagelærar
Frist
03.12.2023
Ansettelsesform
Fast

Er du ein trygg og engasjert barnehagelærar?
Dei to største barnehagane i Kvam treng deg som har omsorg for andre, tar ansvar og ser barna sine styrkar og behov.

Bjørketeigen barnehage

100% frå 01.01.24

100% frå 01.02.24

  • Avdelingsbarnehage med 3 basar
  • 90 barn
  • 1,6 årsverk med auka grunnbemanning
  • 0,7 årsverk spesialpedagog som jobbar etter §31, §37 og sikrar tidleg innsats
  • Nær skog og flotte turmål
  • Satsingsområde er natur og uteliv, språk og trygt og godt barnehagemiljø

Norheimsund barnehage

100% frå snarast

  • 6 avdelings barnehage
  • 96 barn
  • 1,6 årsverk med auka grunnbemanning
  • 1,4 årsverk spesialpedagogar som jobbar etter §31, §37 og sikrar tidleg innsats
  • Satsningsområda til barnehagen er språk, leik og uteliv
  • Nær skog, sjø og sentrum
  • Barnehagen har tilgang på robåtar og ror gjerne til Sandvenholmen for å leika

Arbeidsoppgåver

  • Visa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behov
  • Støtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei ro og tid, samtalar og leik
  • Gje barna oppleving av meistring og gleda av å nå mål
  • Skapa ein god barnehagekvardag for alle
  • Ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga
  • Leggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagar
  • Rettleia, involvera og motivera
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
  • Delta i leiarteamet i barnehagen og bidra til pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen
  • Nært samarbeid med spesialpedagog i barnehagen

Kvalifikasjonar

  • Godkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedaogogikk
  • Eventuell utdanning frå utlandet som er godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Jf. barnehageloven §27 må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter ved å ha:
    - Gjennomført og bestått opplæring i norsk på vidaregående skule.
    - Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta.
    - Bestått eksamen fra 1-årig høgskulestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.
    - Bestått test i norsk – Høgare nivå (Bergenstesten), eller ha avlagt norskprøve og oppnådd nivå B2 på delprøvene i skriftleg framstilling, leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon.

    Krav om norskferdigheiter gjeld ikkje for personar som har norsk, samisk, svensk eller dansk som fyrstespråk.

    Ved ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.

Personlege eigenskapar

  • Ha eit positivt barnesyn
  • Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesse
  • Visa endringsvilje og vera løysingsorientert
  • Samarbeida godt med andre
  • Gode kommunikasjonsevner

Me tilbyr

  • Pedagogisk leiartillegg - kr 36 000 per år i 1/1 stilling
  • Auka grunnbemanning og spesialpedagog i alle barnehagar
  • Vikarkoordinatorar med ansvar for vikarar
  • Rettleiing til nyutdanna dei to første åra
  • Støtte til relevant vidareutdanning
  • Godt og fagleg arbeidsmiljø
  • Nye barnehagebygg
  • Varierte arbeidsdagar
  • Godt samarbeid med instansar innan oppvekstfeltet
  • Delta i vår satsing "Sjå barnet innanfrå" med utgangspunkt i COS (circle of security)
  • Opplæring i BTI (betre tverrfagleg innsats)
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

    Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.


Om arbeidsgiveren

Kvam er inngangsporten frå Bergen for alle som ønskjer å oppleva Hardanger. Berre ein times køyring via Kvamskogen - eit område for aktiv fritid både sommar og vinter, ligg kommunen ved Hardangerfjorden. Me har eit variert næringsliv med jordbruk, industri og handel. Kopla med eit rikt kultur og organisasjonsliv gjev dette eit mangfaldig og levande samfunn for dei 8500 innbyggjarane våre. Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Norheimsund er regionsenteret i kommunen og her kan du oppleva bygda med bypuls , handlegate, strandveg og bystrand.  Les meir

Nettverk
Facebook LinkedIn
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Kyrkjevegen 30, 5600 Norheimsund
Bransje
Annet
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer,
Barnehage / Pedagogisk leder
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

Barnehagelærer, Pedagogisk leder, Barnehagepedagogikk, Fast heltidsstilling, Hardanger

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingunn Mo
Stillingstittel
Leiar for barnehage
Telefon
99 73 87 55
Kontaktperson
Ann-Kristin Bråten
Stillingstittel
Styrar Bjørketeigen barnehage
Telefon
46 80 69 04
Følg firma
49 følger dette firmaet

Kyrkjevegen 30, 5600 Norheimsund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 329402254
Sist endret 30. nov. 2023 09:08

Rapporter annonse