Kontaktperson barneverntenesta
Bjørnafjorden kommune Barneverntenesta
- Frist 10.12.2023
- Ansettelsesform Vikariat
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
I oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege med barn, unge og føresette i sentrum. For å få dette til er alle tenester til barn, unge og familiar organisert i Familiens hus. Einingane som inngår i Familiens hus er Førebyggande helse, Eining for barn, unge og familiar og Barneverntenesta.
Barneverntenesta i Bjørnafjorden kommune søker nye medarbeidarar til ein viktig og meiningsfylt jobb:
2 x 100% vikariat frå snarast til mai 2025 i avdeling for undersøking og tiltak
Arbeidsstad:
Bjørnafjorden barnevernteneste har 23,7 årsverk og er organisert i Familiens hus under Oppvekst. Vi held til i fine lokaler sentralt i Os sentrum. Tenesta er utviklingsorientert og har opplæring og ukentlig veiledning for nytilsette. Vi ser fram til å få nye kollegaer som saman med oss ønskjer å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar i vår kommune
Arbeidsoppgåver:
- Sakshandsaming etter lov om barneverntenester
- Undersøke barn sin omsorgssituasjon
- Følge opp barn og familiar som får hjelp frå barneverntenesta i heimen
- Tverrfagleg samarbeid kring barn og familiar
Kvalifikasjonar:
- Minimum 3-årig sosialfagleg og/eller anna relevant utdanning frå høgskule/universitet, gjerne master i barnevern eller anna relevant vidareutdanning i tillegg.
- Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi ønsker òg at du har:
- Erfaring frå barnevernsarbeid, arbeid med barn og vaksne
- Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
- Evne til å sjå moglegheiter og tenke nytt til det beste for barn og deira familiar
- Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi
- Forståing for barneverntenesta sine målsettingar og utfordringar
- Erfaring frå offentleg forvaltning, tverrfagleg samarbeid og bruk av IT som arbeidsverktøy
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Du må ha førarkort og høve til å disponere eigen bil.
Vi ønskjer å vere tilgjengelege når brukarane våre er det, difor må noko arbeid ettermiddag/kveld påreknast.
Vi tilbyr:
- Meiningsfylte utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Fagleg og personleg utvikling.
- Fleksibel arbeidstid i nye, trivelege lokale i Os sentrum.
- Stort sett eige kontor.
- Mogelegheiter til å køyre til jobb og gode, gratis parkeringsplassar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og lønn etter avtale.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Kontaktperson
Mariann Kjelby, Barnevernleiar, mobil 479 13 120
Anne Heggland, Avdelingsleiar, mobil: 984 99 710
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Brugata 24, 5200 Os
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Barnevernspedagog
Nøkkelord
barnevern, unge, barn, omsorg
Annonseinformasjon
- FINN-kode 329014981
- Sist endret