![](https://images.finncdn.no/dynamic/1280w/2022/4/vertical-5/29/a/7f9/7db/00-/c7b/1-1/1ec/-b3/83-/115/433/238/30a_402548855.png)
BIM-operatør
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 12.12.2023
- Ansettelsesform Fast
BIM-operatør
Vi har ledig interessant stilling for deg med rett kompetanse:
BIM-operatør - Fast 100% stilling frå 01.02.2024.
Arbeidsstad vil primært vere i Molde, men Ålesund kan også vurderast.
Seksjon for eigedomsforvaltning og utbygging er organisert under Klinikk for drift og eigedom. Seksjonen sine oppgåver er knytta til forvaltning av all eigedom i føretaket med tilhøyrande sjukehus og institusjonar og med eit samla areal på ca. 210.000 m2. Seksjonen har også ansvar for planlegging og gjennomføring av bygningsmessige tiltak knytt til bygga. Seksjonen har for tida 11 tilsette. Les meir om oss på www.helse-mr.no
Vitnemål, attestar, tenestebevis, fagbrev o.l. må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.
Arbeidsoppgåver
BIM-operatør har ansvar for føretaket sitt eigedomsarkiv, teikningsarkiv, etablering og oppfølging av BIM og andre digitale verktøy. Stillinga vil óg vere knytt til oppfølging/bistand i arealsaker og byggeprosjekt i nært samarbeid med eigedomsforvaltarar og prosjektleiarar på vår seksjon ved sjukehusa i Helse Møre og Romsdal, og med slike arbeidsoppgåver:
- Utarbeiding av teikningar i samband med utgreiing og planlegging av ulike prosjekt/arealsaker (tilpassing/ombygging og nybygg) i aktuelle format.
- Kontroll og arkivering (etablering/oppdatering) av teikningsarkiv/ FDV-dokumentasjon
- Deltaking i samband med implementering tidsriktig programvare innan FDVU/FM/TFM, BIM i organisasjonen
- Følgje opp og koordinere modellbaserte metodar og verktøy i prosjekta frå oppstart til ferdigstilling, inkludert koordinering og kvalitetssikring av BIM-leveransar.
- Skaffe informasjon for utarbeiding og vedlikehald av skiltplanar mm.
- Utvikle og betre prosessar og instruksar for bruk av BIM
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter kandidat med kunnskap og kvalifikasjonar innan BIM. :
- Relevant utdanning innan tekniske fag, gjerne IT- eller byggrelaterte fag.
- Det vert lagt vekt på kvalifikasjonar innan BIM teikneverktøy (Autocad/ Arcicad/ Revit), og i tillegg gode datakunnskapar.
- Erfaring frå byggeprosjekt, forvaltning og drift av eigedom vil bli vektlagt
- Vi ynskjer at du har god kunnskap om forskrifter og standardar innan BIM og digitalisering av bygg og eigendom.
Personlege eigenskapar
- Eigenskap til å dele gode erfaringar og kunnskap.
- Evne til å arbeide i team i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, halde brei kontakt med ulike interne grupper av brukarar, driftspersonell og eksterne aktørar.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Kunne arbeide systematisk/strukturert.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Gode moglegheiter for eigen kompetanseutvikling
- Løn etter avtale
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Ein hyggeleg arbeidsplass i eit sosialt og inkluderande arbeidsmiljø
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 47A, 6412 Molde
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger, Design / Grafisk, Teknisk tegner
Nøkkelord
BIM operatør
- FINN-kode 328984540
- Sist endret