Seniorrådgjevar (senter- og prosjektkoordinator) ved Klinisk institutt 1
Universitetet i Bergen
- Frist 06.12.2023
- Ansettelsesform Fast
Seniorrådgjevar (senter- pg prosjektkoordinator) ved Klinisk institutt 1
Seniorrådgjevar (senter- og prosjektkoordinator) ved Klinisk institutt 1
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Seniorrådgjevar (senter- og prosjektkoordinator) ved Klinisk institutt 1
Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei fast stilling som seniorrådgjevar (100 %) med tilsetjing som senter- og prosjektkoordinator. Stillinga er knytt til forskingssenteret for klinisk behandling, Neuro-SysMed (50%) og prosjektet EBV-MS (50%) i fem (5) år. Sia EU-prosjektet er integrert som ein del av aktiviteten ved Neuro-SysMed, vil delar av ansvaret og arbeidsoppgåvene være overlappande.
Neuro-SysMed er eit NFR-finansiert forskingssenter for klinisk behandling i nevrologi, med Haukeland Universitetssjukehus og Universitetet i Bergen som vertskap. Senteret er leia av professor Kjell-Morten Myhr (senterleiar) og professor Charalampos Tzoulis (vise-senterleiar). Neuro-SysMed gjennomfører grensesprengande klinisk forsking, med ambisjon om å oppdage og prøve ut effektiv behandling for multippel sklerose (MS), Parkinsons sjukdom (PD), amyotrofisk lateral sklerose (ALS) og fleire formar for demens inkludert Alzheimers sjukdom (AD). Å rekruttere og behalde arbeidstakarar med høg kompetanse er ein grunnleggande føresetnad for vidare suksess i senteret.
Meir informasjon om Neuro-SysMed: https://neuro-sysmed.no/ (https://neuro-sysmed.no/)
Arbeidsoppgåver:
For Neuro-SysMed vil kandidaten assistere senterleiga i oppgåver som:
- Holda kontakt med Norges forskingsråd (NFR), og administrativt følgje opp partnarane i senteret
- Organisere og koordinere arbeidet med rapportar til NFR, senterstyre og partnarar
- Organisere og koordinere økonomirapportar i samarbeid med controllar og faglege rapportar saman med senterleiinga og forskingsrådgivar.
- Organisere og koordinere intern og ekstern kommunikasjon i senteret, samt med samarbeidspartnarar lokalt, nasjonalt og internasjonalt
- Organisere og koordinere vedlikehald av senteret sine nettsider, samt utforming av nyheitsbrev frå senteret saman med kommunikasjonsrådgivar.
- Organisere og koordinere rekrutteringsprosessar med utlysingar, intervju og mottak av nye tilsette
- Organisere møter og symposium ved senteret
- Sekretæransvar for senteret sitt styre
For EBV-MS prosjektet vil kandidaten assistera prosjektleiinga i den administrative og vitskapelege koordineringa av prosjektet i oppgåver som:
- Organisere og koordinere arbeidet med rapportar til EU-kommisjonen (periodisk og kontinuerleg rapportering)
- Organisere og koordinere arbeidet med etablering av prosjektnettside for intern og ekstern kommunikasjon
- Understøtta arbeid med koordinering oppgåver mellom dei ulike arbeidspakka
- Oppfylging av prosjektaktivitetar, og særleg sjå til at alle deliverables og milepålar vert levert til avtalt tider.
- Organisering av prosjektmøter og symposium
- Driva nettverksarbeid med andre nasjonale og internasjonale prosjekter og organisasjonar innan fagfeltet
- Bidra til at prosjektet oppnår størst mogeleg gjennomslag og betyding nasjonalt og internasjonalt
- Fylje opp etiske krav og forpliktingar for å publisera i «Open Access» tidsskrift
Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjar må ha relevant mastergrad og helst spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
- Gode kommunikasjonsevner i forhold til alle interessentar for prosjektet, på tvers av fagdisiplinar og bakgrunn
- Særs god munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav for stillinga - då ein må kunne formulera lett forståelege tekstar for distribusjon til både ekspertar og lekfolk.
- Gode eigenskapar knytt til teamarbeid - med fokus på lokalt, nasjonalt og internasjonalt samarbeid - med gode evner for delegering av arbeidsoppgåver og problemløysing.
- Gode evner å løyse og organisere komplekse oppgåver på strukturert måte
- Evne til å vise tryggheit for arbeidsoppgåver, samt å kunne prioritere og arbeide strukturert under periodevis knappe tidsrammer
Føljande erfaring og kunnskap er eit særleg fortrinn:
- Erfaring med koordinering av større forskingsprosjekt
- Vitskapeleg erfaring og/eller kjennskap til vitskaplege prinsipp
- Brukarerfaring med web-portalar for Noreg Forskningsråd og/eller EU/Horizon
- Brukarerfaring og kunnskap om finansieringssystem til Noreg Forskningsråd og/eller EU/Horizon
- Oppdatering og vedlikehald av nettsider som eksempelvis «WordPress» eller liknande
Reiser i forbindelse med møter og seminar må påreknast som ein del av stillinga.
Vi søkjer ein person som har
- stor grad av sjølvstende og evne til problemløysing
- gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar
- evne til å tileigne seg nye ferdigheiter
Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Løn som seniorrådgjevar (kode 1364) er for tida 615 700 - 692 400 (lønssteg 63 -70). For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Senior forskingsrådgivar- Yamila Torres Cleuren (e-post: Yamila.Cleuren@uib.no / Mobil: +47-90402735) eller Professor Kjell-Morten Myhr (e-post: kjell-morten.myhr@uib.no/ Mobil: +47-41447868)
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Koordinering
Annonseinformasjon
- FINN-kode 328872271
- Sist endret