Kjøkkenleder
Fjordane folkehøgskule
- Frist 30.11.2023
- Ansettelsesform Fast
100% fast stilling som kjøkkenleiar på Fjordane folkehøgskule
Er du glødande opptatt av kvalitet, oppriktig interessert i kokkefaget, samtidig som du trivast med å jobbe for og med ungdom? Er du villig til å strekke deg langt for å skape kreative, gode, sunne og berekraftige matopplevingar? Da er det deg vi søkjer etter frå 01.02.2024!
Matsalen er hjarte på vår folkehøgskule og eit naturleg møtepunkt for elevane som bur på skulen. På sommaren driv vi sommarhotell med kursverksamheit, selskap, arrangement og overnattingar i tillegg til catering. Vi har høge mål for skulens kjøkken som lager produkta og måltida frå botn av og som har ein bronse debiogodkjenning. Vi er ein Fairtrade skule og sertifisert miljøfyrtårn. Skulen har også eigen kjøkkenhage og drivhus.
Arbeidsoppgåver
- Turnusarbeid. arbeid kvar 3. helg.
- Dagleg tilbereding og tilrettelegging av matproduksjon.
- Menyplanlegging.
- Reinhald på kjøkken og i matsal, samt sjå til at hygieneforskrifter følges.
- Følge rutinar for oppbevaring, tilbereding og svinnreduksjon i henhold til Mattilsynets regler og retningslinjer.
- Varebestilling.
- Økonomiansvar samen med internatleiar
- Utvikling av kjøkkenet
- Kundekontakt og kommunikasjon med leverandørar og elevane.
Vi søkjer deg som:
- Har erfaring som kjøkkenleiar/fagbrev som kokk.
- Har engasjement og er opptatt av berekraftig og lokalmat.
- Har god kunnskap om IK-Mat
- Har erfaring frå innkjøp og drift av storkjøkken
- Har matglede og evne til variasjon
- Har stor arbeidskapasitet og ein genuin interesse for å jobbe med unge vaksne
- Er eit utprega ja-menneske, og bidrar positivt sosialt inn blant tilsette og elevar
- Har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Trygg, engasjert og kreativ
- Gode kommunikative evner, norsk munnleg og skriftleg
- Sjølvstendig, ansvarsbevisst og nøyaktig
- God på planlegging og organisering
- Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Ei lærerik og utfordrande stilling i eit aktivt og spennande folkehøgskulemiljø
- Ein verksamheit preget av høg fagleg kompetanse, mange ulike profesjonar og dyktige medarbeidarar.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Gode pensjonsvilkår
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
Fjordane folkehøgskule har ei heilt unik samansetning av linjer: Friluftsliv er ei reise gjennom årstidene, Movement X er den einaste nysirkuslinja i landet, Vikingliv har eige langhus og Musikal er lokale og internasjonale. Vi er størst på hest med to allsidige hestelinjer, Kunst/foto/glas/reise freistar mange, kreativ saum og strikk står for det grøne klesskifte og Bu og fritid er tilpassa dei elevane som treng ekstra tilrettelegging. Ny linje skuleåret 23/24: Kreativ saum og strikk
Fjordane folkehøgskule ligg midt i Nordfjordeid, som igjen ligg midt i Stad kommune, heilt nord i Vestland. Nordfjordeid er handelssenteret i regionen, og skulen ligg i gangavstand til det meste.
Nordfjordeid er ein pulserande tettstad som er kjent for eit rikt idretts- og kulturliv. Om sommaren kan du mellom anna oppleve ein av landets største og beste rockefestivalar, Malakoff. Gjennom året kan du få med deg både opera, teater og konsertar i Operahuset Nordfjord og Gymmen scene, som ligg like ved skulen.
Naturen er tett på og det er kort veg både til surfestranda Hoddevik, yters i kommunen vår, og til små og store naturopplevingar på fjellet, i skogen og ved fjorden i heile Stad.
Kontaktinformasjon
Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å vende deg til Rektor Silvia van Hesik Førde på telefon: 92612455
Ytterlegare informasjon om skulen og linja : www.fjordane.fhs.no, www.facebook.com/fjordanefhs og www.instagram.com/fjordanefhs
Søknad med rettkjende kopiar skal sendast på e-post til: rektor@fjordane.fhs.no eller til Fjordane folkehøgskule, Boks 130, 6771 Nordfjordeid innan 30. november 2023. Det krevjast politiattest for stillinga.
- Sektor: Privat
- Sted: Skulevegen 32, 6770 Nordfjordeid
- Bransje: Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Kjøkkensjef, Kokk, Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kjøkkensjef, kantine, mat
Annonseinformasjon
- FINN-kode 328481922
- Sist endret