Utløpt

Er du vår nye leiar for Integreringstenesta?

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Leiar for Integreringstenesta
Frist
04.12.2023
Ansettelsesform
Fast

100 % fast stilling

Har du lyst til å leia og vidareutvikla integreringsteneste i Voss herad?

Leiar for integrering er ein del av Barne og familietenestene som er samlokaliserte i Knutepunktet, et nytt kontorbygg som ligg ved togstasjonen på Voss. Integreringstenesta er i dag organisert med eit miljøteam og eit team for integreringsrådgjevarar. Integreringstenesta har 21 tilsette. Vår teneste har lang og god erfaring med integrering av flyktningar i Voss herad. Dei to siste åra har Voss herad tatt imot om lag 300 flyktningar, og me forventar mange flyktningar også i tida som kjem. 

Arbeidsoppgåver:
Leiar har ansvar for planlegging, busetjing og integrering av flyktningar.
Leiar har ansvar for drift og utvikling
Økonomi - og personalansvar
Tverrfagleg samarbeid og koordinering med andre aktørar og tenester, både internt i heradet og eksternt.
Arbeidsoppgåver kan verta endra ut ifrå behova i eininga.

Kvalifikasjonar:
Leiarerfaring
Høgare utdanning som er relevant for Integreringsfeltet
Det er ynskjeleg med erfaring frå offentleg sektor og integreringsfeltet
Det er ynskjeleg med leiarutdanning
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Førarkort, klasse B

Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar knytt til relasjonskompetanse og samarbeidskompetanse vert særleg vektlagt
Du har endringskapasitet, er løysingsorientert og kan arbeida målretta
Du tek initiativ og motiverer både deg sjølv og dei du har rundt deg
Du kan inspirera og rettleia dei du arbeider i lag med

Voss herad tilbyr:
Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
Ei utfordrande og spanande stilling med varierte oppgåver
God ordning for etter- og vidareutdanning
Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Om arbeidsgiveren

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor
Offentlig
Sted
Voss tinghus, 5700 Voss
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

leiar, leder, integrering, flytkninger, offentlig

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Frode Monsen
Telefon
41 12 24 32
Følg firma
169 følger dette firmaet

Voss tinghus, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 328464600
Sist endret 25. des. 2023 12:16

Rapporter annonse