Utløpt

Vi søker ny ingeniør innen dataforvaltning

Arbeidsgiver
Havforskningsinstituttet
Stillingstittel
Er du vår nye dataforvaltar?
Frist
21.12.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Havforskningsinstituttet

Er du vår nye dataforvaltar?

Om stillinga

Ved faggruppe Norsk Marint Datasenter (NMD) har vi ledig fast stilling som dataforvaltar med arbeidsstad Bergen. 

NMD arkiverer og tilrettelegg forskingsdata med hovudfokus på Havforskingsinstituttets data (hydrografi-, plankton-, egg/larve/yngel-data, trål-, akustikk-, videodata og næringssaltar). Forskingsdata skal gjerast tilgjengelege i digitale media.


Sentrale arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vil vere knytt til arbeidet med både historiske og nye forskings- og metadata, digitalisering, prosessering, forvalting, visualisering, geodataforvalting og publisering. Noko felt-/toktarbeid og anna reiseverksemd knytt til stillinga kan påreknast.


Kvalifikasjonskrav

Relevant høgare utdanning tilsvarande mastergrad innan realfag og nokre år relevant arbeidserfaring. I spesielle tilfelle kan lengre relevant arbeidserfaring erstatte kravet til mastergrad.


Ynskjeleg kompetanse

Søkjarar bør ha kompetanse innan databehandling/informatikk og relevant erfaring. Kompetanse innan desse systema og plattformene er å føretrekkje:

  • Handtering av historiske, oseanografiske og biologiske forskingsdata
  • Mottak, handsaming og tilgjengeleggjering av forskingsdata
  • Visualisering av forskingsdata, for eksempel i R eller PowerBI
  • Datadokumentasjon, prosedyreutvikling og publisering av data
  • Linux-baserte serverar med relasjonsdatabasesystem PostgreSQL, POST GIS, GeoServer
  • Scriptspråk som JavaScript, Python
  • Geodataforvaltning og publisering
  • Agile teknikkar organisert med SCRUM-metodikken

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar som kommunikasjons- og samarbeidsevner, evne til å arbeide sjølvstendig og målretta og kunne ta ansvar som prosjektleiar vert vektlagt.


Vi tilbyr

  • Arbeid i ein av Europas leiande forskingsinstitusjonar, med stor samfunnsmessig relevans.
  • Eit spanande og solid fagmiljø.
  • Lokalar sentralt i Bergen.
  • Fleksitidsordning, med sommar- og vintertid.
  • Offentleg tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse.
  • Bedriftsidrettslag, med muligheit for trening i arbeidstida. 
  • Bedriftshytter.

Ytterlegare informasjon

Stillinga vert lønna i stilling 1181 Senioringeniør, i samsvar med Hovedtariffavtalen i staten. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. 

Søknad skal sendast elektronisk via Jobbnorge. CV, relevante attestar og vitnemål må leggjast ved i søknaden.
Opplysingar om søkjar kan offentleggjerast sjølv om søkjar har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjar vil bli orientert om dette på førehand.

Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søka jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ein IA-bedrift som ønsker å legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne. 

Arbeidsspråket på Havforksningsinstituttet er norsk. Det å kunne kommunisere godt på norsk er ein viktig forutsetnad både for den tilsette og for instituttet. Det vert forventa at ikkje-norskspråklege tilsette gjennomfører norskkurs i løpet av dei to fyrste åra av tilsettingsforhaldet. Norskopplæring vil bli dekka av instituttet etter fullførte og beståtte kurs.

Ønskjer du fleire opplysningar om stillinga kan du kontakte Helge Sagen på telefon 952 15 046 eller e-post: Helge.Sagen@hi.no. Besøk gjerne våre nettsider www.hi.no.


Om arbeidsgiveren

Havforskningsinstituttet er et av de største marine forskningsinstituttene i Europa, med vel 1100 ansatte, en rekke forskningsfasiliteter og laboratorier av høy internasjonal standard. Hovedaktivitetene våre er forskning, rådgivning og overvåkning. Havforskningsinstituttet eier og drifter åtte forskningsfartøy. Hovedkontoret vårt ligger i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskningsstasjoner i Matre, Austevoll og Flødevigen.Havforskningsinstituttet skal være en ledende kunnskapsleverandør for å sikre en bærekraftig forvaltning av ressursene i de marine økosystemene, både nasjonalt og internasjonalt, og for hele kjeden fra hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.

Sektor
Offentlig
Sted
Strandgaten 196, 5004 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Maritim og offshore
Stillingsfunksjon
IT utvikling / Database,
IT utvikling / Utvikler (generell)

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Helge Sagen
Stillingstittel
Seksjonssjef
Telefon
95 21 50 46
Følg firma
1834 følger dette firmaet

Strandgaten 196, 5004 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 328456125
Sist endret 25. des. 2023 11:20

Rapporter annonse