Utløpt

Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Helse og omsorg
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Frist
10.12.2023
Ansettelsesform
Fast

 

 

Sogndal kommune har behov for deg som er utdanna sjukepleiar eller vernepleiar for å ta vare på våre eldre og pleietrengande innbyggjarar. For oss er det viktig at dei har ein kvardag som er helsefremjande og trygg. Det er også viktig at dei får den medisinske oppfylginga som dei treng og har behov for, og då treng me deg som har denne kompetansen. 

Dei ledige stillingane er plassert i dei tre vakre bygdene våre, Balestrand, Leikanger og Sogndal.

Leikanger:

  • sjukepleiar 100% fast stilling

Sogndal

Prestahagen: heimebuande bebuarar

  • Sjukepleiar eller vernepleiar 90% fast stilling frå d.d.
  • Sjukepleiar eller vernepleiar i 100% vikariat frå 17.11.23 i eitt år.

SHOS: sjuke- og aldersheim

  • Sjukepleiar i 100% fast stilling ledig frå d.d.
  • Sjukepleiar 100% vikariat frå d.d. i eitt år.
  • Sjukepleiar 65% vikariat frå d.d. 31.08.24.

Balestrand

  • Sjukepleiar 100% vikariat ledig frå d.d. til 01.10.25

I Balestrand treng ein sjukepleiar tilknytta Balestrand Legevaktsatelitt. Her får sjukepleiar ta imot pasientar lokalt, i samarbeid med lege i Førde - over video! I Balestrand har ordninga vore ein suksess, med gevinst for både innbyggjarar og dei ansatte. Som ansatt i Legevaktstenesta får du all nødvendig kursing og hospitering for å kunne utføre denne jobben. Utrykning i forkant av ambulanse høyrer også med til ansvaret. Sjå her korleis dei tilsette har det på jobb: Legevakt - Sunnfjord og Ytre Sogn interkommunale legevaktsamarbeid IKS (legevaktsysikl.no)

Som sjukepleiar eller vernepleiar hjå oss vil du møte på ein kvardag med har stor breidde i oppgåvene og i pasientgruppa. Me er oppteken av å ha eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre. Me har også fokus på velferdsteknologi og ser stor moglegheiter for at bebuarane får større tryggleik og fokus på meistring.

 Nokre av arbeidsoppgåvene dine vil bli:

  • Den viktigaste oppgåva di vil bli å gi direkte og heilskapleg pleie og omsorg til bebuarane våre.
  • Bidra til at bebuarane vår har høg grad av livskvalitet ved bidra med aktivitet og omsorg som fremjar dette.
  • Me tykkjer også at det er viktig at du heile tiden vurderer og planlegg tiltak og pleie ilag med bebuar og pårørande, samt involverer fleire dersom du ser det som naudsynt.  
  • Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til at det er fagleg utvikling.
  • Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga 

For at du skal kunne jobbe som sjukepleiar eller vernepleiar hjå oss, har me behov for deg med denne kompetansen:

  • Bachelor i sjukepleie eller vernepleie med norsk autorisasjon.
  • Du kan kommunisere godt på norsk både skriftleg og munnleg.

Dersom du også har ei har ei relevant vidareutdanning innanfor faget set me veldig stor pris på å få ein søknad frå deg. 

Me leitar etter deg som har desse personlege eigenskapane:

  • Me ser på det som ein stor fordel om du er fagleg sterk og trygg i rolla som sjukepleiar.
  • Me håper at du kan arbeide systematisk og sjølvstendig.
  • Arbeidskvardagen kan vera uforutsett, men dette håper me du ser løysingar på.
  • Eit godt arbeidsmiljø er viktig for oss, og me håper at du bidreg der på ein positiv måte.
  • Me ser stadig på dei mest rasjonelle og effektive måtane å jobbe på, så her er me avhengig av endringsvillige og fleksible tilsette.

 Dine personlege eigenskapar er viktige for oss og dette vil bli vektlagt ved tilsetting.

 Dette kan me tilby deg:

  • Du vil bli få mykje faglege utfordringar og varierte dagar. 
  • Me vil gi deg moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Tilsettetrening. 
  • Me vil legge til rette for at du kan jobbe i ei turnusordning som passar for deg og ditt behov. 

No håper me at akkurat du ønskjer å bli ein del av vårt team og ser på det som viktig å kunne bidra med din kompetanse inn mot våre bebuarar i Sogndal kommune.

Skriv gjerne i søknaden din kvar og kor mykje du ønskjer å jobbe.

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

Om arbeidsgiveren

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg,
Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier

Nøkkelord

sykepleie, vernepleie, sykehjem, institusjon, aldershjem

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Hanne Hoff
Kontaktperson
Solrun Amundsen
Telefon
91 16 42 91
Følg firma
51 følger dette firmaet

Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 327956776
Sist endret 21. des. 2023 16:48

Rapporter annonse