Utløpt

Vi treng forsterkningar på avdelinga for pengespel

Arbeidsgiver
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgivar
Frist
26.11.2023
Ansettelsesform
Engasjement

Avdelinga for pengespel jobbar for å sikre ansvarlege pengespel, gjennom å føre tilsyn med både den lovlege og ulovlege pengespelmarknaden. Vi jobbar også mot kampfiksing, og fører kontroll med bingosektoren. Vi er rundt 20 personar på avdelinga, med ulike bakgrunnar og god spreiing i alder. Vi kan med handa på hjartet seie at fleire av våre tilsette er blant dei fremste ekspertane i landet på pengespellova.

Organisasjonar må vere førehandsgodkjende av Lotteritilsynet for at dei skal kunne søke om løyve til å tilby pengespel, som til dømes bingo. Ei forskriftsendring gjer at det er no er ei rekke organisasjonar som må revurderast innan utgangen av 2024. Dette er ei oppgåve vi ikkje greier å løyse utan forsterkningar, og vi ser no etter deg som er klar for å brette opp ermene ilag med oss.

Arbeidsoppgåvene i dette eittårige engasjementet vil mellom anna gå ut på å vurdere om organisasjonane tilfredsstiller gitte kriterium. Er det til dømes rett at bowling-klubben med 70 medlemmer over 18 år, og 10 medlemmer under 18 år, kan seiast å ha ein vesentleg del av verksemda retta mot barn og unge? For å trivast i jobben trur vi du likar å fordjupe deg i til dels komplekse problemstillingar. Hos oss jobbar det mange engasjerte og fagleg dyktige kollegaer, og vi jobbar tett for å gjere gode vurderingar i vanskelege saker. Det vert også ein del sjølvstendig arbeid, og vi trur du er ein person som trivst med gjentakande arbeidsoppgåver.

Du må ha utdanning på minimum bachelornivå, og vi ser for oss at ein bakgrunn innanfor jus, økonomi eller samfunnsvitskap vil passe bra for dette engasjementet. Kanskje er du nyutdanna og ønsker eit innblikk i offentleg forvalting? Vi jobbar med mykje spennande her hos oss, og det vil vere rom for å tilpasse arbeidsoppgåvene til den kompetansen og erfaringa du har – sett opp mot behova på avdelinga.

Ønsker du å skaffe deg verdifull arbeidserfaring? Har du lyst å få eit innblikk i korleis vi jobbar for å sikre ansvarlege pengespel? Lurer du på om Kristian eigentleg kan å trikse? Viss eitt eller fleire av svara er ja, vil vi gjerne høyre frå deg med ein søknad.

Vi tilbyr fleksibel arbeidstid, moglegheit for heimekontor, gode velferdsordningar og ein generelt fleksibel personalpolitikk. Vi held til i eit moderne kontorbygg i Førde sentrum, og har kantine med lunsjordning. Vi tilbyr også trening i arbeidstida, og har eige trimrom på huset. Ved å jobbe hos oss vert du medlem i Statens Pensjonskasse, og vi er ei IA-bedrift. Ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga, eller om korleis det er å jobbe hos oss.

Møt folka våre: Kristian og Eirik jobbar for å avdekke kampfiksing, hos Sunnfjords beste arbeidsplass

Løn og stillingstittel blir fastsett på grunnlag av kvalifikasjonar og ansiennitet. Stillinga er utlyst som førstekonsulent/rådgivar stillingskode 1408/1434. Det blir trekt 2 prosent til innskot i Statens pensjonskasse. Stillinga har ei prøvetid på seks månader.

Dersom du ønsker å reservere deg frå å stå på offentleg søkarliste må du opplyse om dette, og grunngi kvifor i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista. Dersom oppmodinga di om reservasjon ikkje blir tatt til følge, varslar vi deg på førehand.

Å vere inkluderande og mangfaldige ser vi på som ein styrke. Vi ønsker tilsette med ulik kompetanse, ulike fagkombinasjonar, ulike perspektiv og ulik livserfaring. Vi legg til rette for tilsette som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.

Om arbeidsgiveren

Lotteri- og stiftelsestilsynet er ein spennande arbeidsplass som held til i Førde i Sunnfjord. På huset jobbar kring 90 engasjerte kollegaer innan mange forskjellege fagfelt.



Samfunnsoppdraget vårt er å sikre ansvarlege pengespel, ei sterk frivilligheit og trygge stiftelsar. Det betyr blant anna at vi skal passe på at norske pengespeltilbydarar og norske stiftelsar driv i samsvar med lova. Vi forvaltar også fleire støtteordningar til frivillige lag og organisasjonar, og fører tilsyn med blant anna Grasrotandelen til Norsk Tipping.



Vi har eit godt arbeidsmiljø, og ein velferdskomité som finn på kjekke ting for oss. Vi har mange toppturentusiastar på huset, så her er det gode moglegheiter for å hive seg med til fjells. Om topptur ikkje er di greie, så passar det kanskje betre å bli med på den faste torsdagstimen vår på Puls. Eller å hive seg med på quiz-laget vårt på Peppes. Vi har også fast quiz i kaffibaren i 5. etasje kvar dag etter lunsj 😊 Der får vi ofte servert gullkorn frå Arne, ein av IT-utviklarane våre.


Vi håpar å høyre frå deg! Om ikkje denne stillinga trefte blink i forhold til det du er på jakt etter, så er du sjølvsagt velkommen til å ta kontakt med oss likevel. Vi har stadig behov for flinke folk!

Sektor
Offentlig
Sted
Storehagen 1B, 6800 Førde
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap,
Økonomi og regnskap / Samfunnsøkonomi,
Jurist

Nøkkelord

Jurist, økonom, samfunnsvitar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tore Bell
Stillingstittel
konstituert avdelingsdirektør
Telefon
99 28 43 39
Kontaktperson
Turid Søgnen
Stillingstittel
seniorrådgivar
Telefon
91 39 62 32
Følg firma
33 følger dette firmaet

Storehagen 1B, 6800 Førde

Annonseinformasjon

FINN-kode 327050799
Sist endret 19. nov. 2023 10:42

Rapporter annonse