Utviklarar
Digitaliseringsdirektoratet
- Frist snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer utviklarar til å skape ein enklare digital kvardag
Vi søkjer utviklarar til å skape ein enklare digital kvardag
Digdir treng flinke utviklarar
Digitaliseringsdirektoratet (Digdir) søkjer erfarne systemutviklarar til utviklinga av fleire av våre fellesløysingar som inkluderar mellom anna ,eFormidling, eInnsyn, Id-Porten og MinID.
Avdelinga er midt i ei spennande reise der vi skal implementere ny systemarkitektur med stadig fleire tenester i skya. Dette skal skje samtidig med at vi handterer stor auke i bruk. Vi skal ha stabilitet og ytelse heile vegen. Til desse spennande oppgåvene søker vi no etter utviklarar. Primært seniorar, men også nyutdanna vil bli vurderte.
Vi søkjer deg som vil bli ein del av eit av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Vi har alltid fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, samtidig som vi arbeider med spennande teknologiar.
I Digdir vil du bli ein del av eit større fagmiljø på 30 utviklarar. Du vil møte varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med fagmiljø både i og utanfor direktoratet.
Vårt utviklingsmiljø jobbar planmessig, med stor fagleg tyngde og høge ambisjonar. Det er viktig at du er nysgjerrig og utforskande innan teknologi og metodikk, og evnar å sjå korleis dette kan nyttast i utviklinga av digitale løysingar. Som medarbeidar hjå oss vil du ha stor påverking på val av teknologi og verktøy i ditt team.
Vi søkjer inntil tre faste stillingar som rådgivar eller seniorrådgivar. Stillingane er hovudsakleg tilknytta kontoret på Leikanger, men søkjarar som ynskjer Brønnøysund og Oslo som kontor vil òg kunne bli vurderte. Med kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo vil du få nye kollegaer og venner i det langstrakte landet vårt. Hos oss får du rundt 370 engasjerte kollegaer og sparringspartnere.
Dine oppgåver
- Systemutvikling i eit smidig produktteam
- Delta i design, utvikling og forvaltning av avdelinga sine fellesløysingar
- Bidra til at sikkerheit og ytelse blir ivareteke
- Jobbe med avansert arkitektur ved bruk av sky-teknologi
- Bidra til automatisering, kontinuerleg integrasjon & deploy i vår byggepipeline
- Vere pådrivar for kvalitet i kodeleveranse
Kvalifikasjonar
Du må ha
- bachelor- eller masterutdanning innan programmering og systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
For å bli seniorrådgivar må du ha minst tre års erfaring innanfor systemutvikling.
Er du nyutdanna er vi opptekne av at du har gode resultat i utdanninga og relevante fagsamansetningar. Vi er opptekne av at du har erfaring frå arbeidslivet og det å arbeide både sjølvstendig og saman med andre.
Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område:
- Systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
- Løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar
- Teamarbeid med utvikling basert på smidige metodar
- Kvalitet i kodeleveranse inkludert modellering, "clean code" og testing
- Docker, Kubernetes og mikrotenestearkitektur
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- jobbar godt sjølvstendig og i team
- er løysingsorientert og tek initiativ når du ser nye moglegheiter
- har god evne til å vidareformidle kunnskap og kommunisere klart med leiinga og dine kollegaer
Vi tilbyr deg
- spennande arbeidsoppgåver med stor friheit i val av verktøy
- eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar etter avtale
- medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
- opning for to timar trening i veka i arbeidstida
Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).
Vi ønsker å bygge trivelege og effektive arbeidsmiljø med sterke fagpersoner på alle våre lokasjoner, og vi ansetter derfor med tilknytning til et fast arbeidssted. Samtidig har vi veldig gode og fleksible ordninger for bruk av hjemmekontor og legger godt til rette for en fleksibel hverdag for våre medarbeidere på Helgeland, i Sogn og i Oslo-regionen.
Høyr meir om ein av våre lysingar på denne lenken (https://vimeo.com/571639558).
Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.
Vil du vite meir?
Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne
- Gruppeleiar Aamund Bremer, aamund.bremenr@digdir.no , 970 30 838
- Seksjonsleiar Jørn Stenehjem, jorn.stenehjem@digdir.no, 911 46 279
Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no).
Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.
JobbMatch
Er du en god match for denne stillingen?
JobbMatch ser på erfaringen og egenskapene dine – og sjekker hvor godt du passer.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: IT, IT - programvare, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Front-end, Systemarkitekt, Utvikler (generell)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 326067781
- Sist endret