Utløpt

Er du økolog og vil vere med å lage den nye Raudlista?

Arbeidsgiver
Artsdatabanken
Stillingstittel
Rådgiver økologi
Frist
15.11.2023
Ansettelsesform
Fast

Er du økolog og vil vere med å lage den nye Raudlista?

Om stillinga

Brenn du for økologi og artskunnskap og ønskjer at kunnskapen skal kome til nytte for samfunnet? Artsdatabanken søkjer no etter ein rådgjevar i 100% fast stilling til Seksjon for artskunnskap.

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald under Klima- og miljødepartementet. Vår hovudoppgåve er å formidle oppdatert og lett tilgjengeleg kunnskap om artar og naturtypar. No startar vi arbeidet med å oppdatere Raudlista for artar. Vi treng deg som har auge for kvalitet og jobbar effektivt. 

Du får vere med oss i alle fasane for å sette saman den nye Raudlista for artar fram til lansering. Norsk raudliste for artar er ein oversikt over artar som har risiko for å døy ut frå Noreg. Raudlista er utarbeida av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar frå mange ulike institusjonar. Les meir om vårt arbeid med Raudlista her.  (https://artsdatabanken.no/rodlisteforarter2021/Rodlistahvahvemhvorfor)

Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil kunne bruke din utdanning innan økologi, dine evner til  kommunikasjon og organisering til å:

  • Analysere og sikre kvaliteten på faglegevurderingar
  • Planleggje og gjennomføre møte med eksterne ekspertar
  • Rettleie ekspertane i bruk av metode og analyseverktøy
  • Utarbeide fagtekster til ulike medium
  • Holde foredrag og presentasjonar
  • Delta diskusjonar og utvikling av faglege spørsmål

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Relevant utdanning innan biologi, minimum mastergrad i økologi
  • God og brei kunnskap om norske arter og deira økologi 
  • Svært god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg

Det er ønskeleg at du òg har:

  • Brei kompetanse om fleire ulike artsgrupper
  • God praktisk datadugleik og kjennskap til relevante dataverktøy for å handsame store datamengder
  • Relevant erfaring og kompetanse for stillinga
  • Erfaring med formidling av fagstoff

Personlege eigenskapar

Du er ein positiv person, som liker å løyse oppgåver saman med andre. Du presterer under press og tar ansvar, samtidig som du jobbar godt sjølvstendig og med tolmod med oppgåver som kan bli rutineprega.  Du må være opptatt av å finne løysningar og ha gode samarbeid- og kommunikasjonsevner.

Det er viktig at du har eit blikk for kvalitet, og jobbar systematisk og ryddig. Du må også være trygg og komfortabel i vanskelege faglege diskusjonar. Du må ønskje å bidra til å styrke Artsdatabankens faglege og sosiale miljø.


Vi tilbyr

Artsdatabanken kan tilby eit godt arbeidsmiljø i fine lokale på Pirsenteret. Hos oss får du arbeide med utfordrande og interessante oppgåver knytt til systematisering og formidling av kunnskap om naturmangfald. Vi har fleksitid, mogelegheit for trening i arbeidstida og gode sosiale ordningar.

Stillinga blir løna som rådgjevar frå 540 000 til 610 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.


Anna om stillinga

Tiltreding

Tiltreding 1. mars 2024 eller etter avtale.

Kontaktperson

For nærmare opplysningar, ta kontakt med Ingar Pareliussen, seksjonsleiar artskunnskap, tlf. 928 19 379 eller vår rådgjevar i Headvisor, Torstein Sneisen, tlf. 91 88 81 86. All kontakt med Headvisor handsamast konfidensielt, om ønskeleg også overfor Artsdatabanken, i prosessen si innleiande fase.

Søknadsfrist: 15.11.2023

Vi ønsker gjerne at du viser din interesse i god tid før fristens utløp. 


Generell informasjon

Søknaden skal sendes elektronisk. Legg ved elektroniske kopiar av relevante attester og vitnemål. Søknaden må skrivast på norsk, og eventuelle vitnemål frå utlandet skal vere oversett til norsk og NOKUT-godkjende.

Tilsetting skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som vert tilsett må rekne med at det kan skje endringar av arbeids- og ansvarsområde. Dei første seks månadene er prøvetid.

Artsdatabanken har eit godt arbeidsmiljø er preget av mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Vi oppmodar deg som har nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en (minst to av de fem siste årene) om å krysse av for dette når du søker. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten) Vi oppmodar òg nyutdanna å søkje. 

Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må det særskilt grunngjevast i søknaden. Du får beskjed dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følgje.


Om arbeidsgiveren

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald. Vi samlar og formidlar kunnskap om norsk natur. Vi gjev ut raudlister og risikovurderer framande artar, i tett samarbeid med forskarar og anna fagfolk. Hos oss finn du karttenester og ulike verktøy for forvaltninga, forskarar og interesserte brukarar. I tillegg støtter vi kartlegging av dårleg kjente artar.Vi jobbar for at kunnskap om naturmangfald blir lagt til grunn for samfunnet sine avgjersler, og for at kunnskapen om naturmangfaldet får eit riktig fokus i den offentlege debatten - og ein større plass i folk sin medvit. Vi har difor ein aktiv kommunikasjon med dei som tar avgjersler, med  interesseorganisasjonar, media og andre samfunnsaktørar. Nettbaserte plattformar er den viktigste kanalen vår for kunnskapsformidling. Vi tilbyr ein rekkje tenester som vi utvidar kontinuerleg, med mål om at brukarane våre skal få eit stadig meir innhaldsrikt og brukarvennleg tilbod.Artsdatabanken er ein organisasjon med 35 dyktige medarbeidarar under Klima- og miljødepartementet, og vi held til i Havnegata 9 i Trondheim. Vår hovudoppgåve er å formidla oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om artar og naturtypar. Gjennom innhenting, systematisering og formidling av kunnskap, byggjar vi bruer mellom vitskap og samfunn. Les meir om oss på heimeside vår: https://www.artsdatabanken.no

Sektor
Offentlig
Sted
Havnegata 9, 7010 Trondheim
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap
Stillingsfunksjon
Biolog

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingar Pareliussen
Stillingstittel
Seksjonsleiar artskunnskap
Telefon
92 81 93 79
Kontaktperson
Torstein Sneisen
Stillingstittel
Rådgjevar Headvisor
Telefon
91 88 81 86
Følg firma
117 følger dette firmaet

Havnegata 9, 7010 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 325649160
Sist endret 5. des. 2023 14:28

Rapporter annonse