Utløpt

Er du ein dyktig og motivert relasjonsbyggar?

Arbeidsgiver
Voss Kommunikasjon
Stillingstittel
Rådgiver/Salg
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Voss Kommunikasjon søker etter ein ny salsressurs med ansvar for telekom til vår bedriftsavdeling.

 

Me er på jakt etter ein dyktig relasjonsbyggar som er motivert for å ta ansvar for satsinga vår på dette viktige feltet. Me har store ambisjonar om vekst og i denne stillinga vil DU vera sentral i å vidareutvikla vår posisjon i marknaden.


Du vil arbeida med oppsøkande løysingssal knytt til telekommunikasjon, primært mot bedrifter i SMB-segmentet. Du vil aktivt kontakta eksisterande og nye kundar, gjennomføre kundemøter, utarbeida kundetilbod og løysingsforslag.


Med nokon av bransjens sterkaste merkevarer i porteføljen vil du ha mange inngonger og mogelegheiter for å bygga ein solid kundeportefølje over tid. 

 

Me ser etter deg som likar å jobba med oppsøkande sal, etablera kunderelasjonar og nettverk. Du vil arbeida i eit miljø med god kompetanse på IT-løysingar og telekom. Det er ein fordel med erfaring frå bransjen, men om du er personleg egna og har sterk motivasjon kan dette vega opp for manglande erfaring. Du vert ein del av eit spanande salsteam som alle vil arbeida for at du skal lukkast og utvikla deg i stillinga.

 

Du vil få ein variert kvardag der du planlegg eigne sals- og kundeaktivitetar.

 

Høyrest dette ut som ein spanande arbeidskvardag?

 

Me ser etter deg som er:

  • Ein motivert relasjonsbyggar som trivst med oppsøkande salsarbeid
  • Sjølvgåande og målretta
  • Trygg på å booka kundemøter
  • Salserfaring (gjerne frå B2B og/eller telekom)
  • God kommersiell og forretningsmessig forståing
  • God på kommunikasjon, med flytende norsk skriftlig og muntlig
  • Sterkt ynskje om å læra nye tenester og teknologi
  • Førarkort klasse B

 

Me tilbyr:

  •  Varierte salsoppgåver i en spanande bransje
  • Dyktige kollegaer og støttespelarar med lang erfaring frå bransjen
  • Mogelegheit for å påverka eigen arbeidsdag i et særleg godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår med resultatbaserte incentiv
  • Nødvendig opplæring, salsstøtte, eit stort nettverk og med våre partnarar
  • Mogelegheiter for utvikling internt i selskapet

Om arbeidsgiveren

Voss Kommunikasjon er eit IT-selskap som held til midt på Vangen i Voss Sentrum. Me har dei siste åra hatt stor auke i både omsetning og tilstrøyming av nye kundar. Desse kundane er bedrifter i SMB segmentet og held primært til på Voss, Hardanger, Sogn og Bergen.

Me er ein totalleverandør av IT og Telecom tenester som bedrifter i vår region treng. Herunder skytjenester, Microsoft365, nettverk, kopimaskin, telefoni, arbeidsstasjonar, møteromsløysingar og radiokommunikasjon. Me har som målsetting om å vera kundens beste alternativ, noko som setter høge krav til dei tilsette på å levere kvalitet i alle ledd.

Sektor
Privat
Sted
Uttrågata 34, 5700 Voss
Bransje
IT,
Telekommunikasjon
Stillingsfunksjon
Salg / Løsningssalg,
Salg / Produktsalg,
Salg / Telefonsalg
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

salg, b2b salgskonsulent, salgsrådgiver, selgererfaring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tom-Erik Jensen
Stillingstittel
Salgssjef
Mobil
91 37 50 04
Følg firma
9 følger dette firmaet

Uttrågata 34, 5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 325637438
Sist endret 21. des. 2023 09:00

Rapporter annonse