Utløpt

Prosjektmedarbeider BIR Voss Hardanger

Arbeidsgiver
BIR Voss Hardanger AS
Stillingstittel
Prosjektmedarbeider
Frist
16.11.2023
Ansettelsesform
Prosjekt

Kunne du tenke deg å medvirke til å bli ein del av ei teknologisk utvikling innan renovasjon i ditt nærområde? Frå nyttår skal alle hushaldsdunkar/behaldarar merkast med elektronisk ID-brikke og ein etikett med strekkode. Merking av dunkar med RFID brikke er fyrste steg mot betre tenester. Avfallsselskapa har i dag mange krav, både nasjonale og EU-krav. I åra som kjem vil det bli strengare krav til sortering i heimane våre. Med merking av behaldarane vil det styrke våre møter til desse krava. Noko som igen vil gjera oss flinkare til å handtere avfallet til innbyggjarane for ei betre renovasjonsteneste.

Likar du å kombinere bilkøyring med litt praktisk arbeid, då kan dette prosjektet vera midt i blinken for deg og kanskje starten på ei karriere i renovasjonsbransjen.

 

BIR Voss Hardanger AS søker prosjektmedarbeider, 4 stillingar i 100% i 6 månader.Lågare stillingsprosent kan avtalast Arbeidsoppgåver
  • Du vil inngå i prosjektgruppe som skal merke alle hushaldningsbehaldarane med etikettar og RFID-brikker i kommunane Eidfjord, Ulvik og Voss.
  • Du vil disponere eigen arbeidsbil, etikettskrivar og relevant verkty. Opplæring vil bli gitt.
Kvalifikasjoner  
  • Du må ha førarkort klasse B
  • Geografisk lokalkjennskap i kommunane Eidfjord, Ulvik og Voss
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Du er trygg med digitale verkty  
Personlige eigenskapar
  • Sjølvstendig
  • God arbeidskapasitet og fleksibilitet
  • Strukturert, framoverlent og løysingsorientert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Påliteleg
Me tilbyr
  • God opplæring og støtte
  • Konkurransedyktige betingelsar
  • Mogelegheit for fleksibel arbeidstid

Me gir ingen lovnader om fast tilsetting etter at prosjektet er avslutta, men du vil få nyttig erfaring etter arbeid med utviklingsprosjekt i eit stort og fremtidsretta konsern, der nye behov og utfordingar stadig dukkar opp.

Det kan tenkast at god innsats i prosjektgruppa kan være ein døropnar til forlenging av arbeidsforholdet. 

Søknadsfrist: Snarast

Oppstart: 02.01.2024

Har du spørsmål om stillingen kontakt Sven Gunnar Ramstad, tlf 95899689, BIR Voss Hardanger AS eller Eirik Lunde, tlf 92899573, BIR Husholdning AS

 

 

BIR, vestlendingane si eiga miljøbedrift, er eit av Noregs største renovasjonsselskap, eigd av elleve kommunar: Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Eidfjord, Kvam, Osterøy, Samnanger, Ulvik, Vaksdal, Øygarden og Voss. BIR har hovudkontor sentralt i Bergen.

BIR ønskjer å utvikla avfallsbransjen i ein meir sirkulær og berekraftig retning og utnytta ressursane i avfallet betre. BIR er organisert som eit konsern og har ansvar for avfallet gjennom heile verdikjeda. Me ønskjer medarbeidarar som kjenner seg igjen i BIR sine kjerneverdiar: superpålitelig, miljøpådrivar, imøtekommande og lagspelar.

BIR har medarbeidarar med ulik fagkompetanse, fagkombinasjon, livserfaringar og perspektiv. Alle kvalifiserte kandidatar blir oppmoda til å søkja jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.

Saman for ei god sak!

Sektor
Privat
Antall stillinger
4
Sted
Bjørkemoen 60, 5709 Voss
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Renovasjon og renhold,
Transport og logistikk
Stillingsfunksjon
Annet,
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
Transport og sjåfør
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

RFDI, Prosjektmedarbeider, ID-brikke

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Sven Gunnar Ramstad
Stillingstittel
Drift- og HMS leiar
Telefon
95 89 96 89
Følg firma
251 følger dette firmaet

Bjørkemoen 60, 5709 Voss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 324723131
Sist endret 29. nov. 2023 14:28

Rapporter annonse