IT-Support
Voss Kommunikasjon
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
1.linje IT konsulent
I denne stillinga vil du være våre kundars første kontaktpunkt for kundestøtte. Primære arbeidsoppgåver vil være teknisk support via telefon og via vårt sakssystem. Dette inneberer blant anna feilsøking på arbeidsklientar, installasjon av programvare, Microsoft365 support, support på nettverk, support i forbindelse med vårt datasenter Vossaskyen og alle andre tekniske utfordringar våre kundar måtte ha.
Kvalifikasjonar:
Du må ha relevant IKT-utdanning (fagbrev eller bachelor) Du er fagleg dyktig og har god evne til læring. Fint om du har 1-3 års arbeidserfaring, helst frå liknande roller, men dette er ikkje eit absolutt krav, så lenge du kan vise til at du behersker arbeidsoppgåvene. Du må beherske norsk og engelsk bra. Du må ha førerkort klasse B
Me ynskjer i tillegg:
- Inngåande kjennskap til Microsoft365: Teams, SharePoint, Exchange m.m.
- Kjennskap til nettverk, Microsoft server og Microsoft Azure
- Evnen til å raskt sette seg inn i ny teknologi og arkitektur
Personlege eigenskapar:
For å lykkas i denne stillinga må du like å ta ansvar, vere engasjert og ha stor interesse for den tekniske verden. Du har eit sterkt kundefokus og har gode samarbeidsevner. Du er ein sjølvstendig problemløysar med teknisk nysgjerrigheit og har evne til å takle høgt tempo og håndtere fleire oppgåver samtidig. Du må vera punktleg og etterretteleg, då kunden er avhengig av deg. Du har ein utprega serviceinnstilling – Kunden i fokus!
Me tilbyr:
Ein spennande stilling i eit framoverlent og fartsfylt miljø. Gode moglegheiter for eigenlæring, kursing og setifisering annan ulike fagområder. Me ynskjer å ha det kjekt på jobb, og kunden skal syns det er kjekt å vere partner med oss. Varierte arbeidsdager i ein hektisk men moro kvardag.
Om arbeidsgiveren
Me er ein totalleverandør av IT og Telecom tenester som bedrifter i vår region treng. Herunder skytjenester, Microsoft365, nettverk, kopimaskin, telefoni, arbeidsstasjonar, møteromsløysingar og radiokommunikasjon. Me har som målsetting om å vera kundens beste alternativ, noko som setter høge krav til dei tilsette på å levere kvalitet i alle ledd.
- Sektor: Privat
- Sted: Uttrågata 34, 5700 Voss
- Bransje: IT, IT - maskinvare, IT - programvare
- Stillingsfunksjon: IT-support
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
support, 1.linjesupport, ikt-konsulent
- FINN-kode 324426817
- Sist endret