
Seksjon for berekraftige produkt søker førstekonsulent/rådgjevar
Klima- og miljødepartementet
- Frist 29.10.2023
Seksjon for berekraftige produkt søker førstekonsulent/rådgjevar
Seksjon for berekraftige produkt søker førstekonsulent/rådgjevar til 12 mnd. vikariat
Kva gjer vi i seksjon for berekraftige produkt?
Vi er ein del av Hav-og forureiningsavdelinga. Vi jobbar med verkemiddel og tiltak for å få meir berekraftige produkt og verdikjeder i ein sirkulær økonomi. Dette inkluderer blant anna arbeidet med å stanse bruk og utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, utvikling av eit nytt og breiare regelverk for berekraftig design av produkt (økodesign) og miljøspørsmål knytte til enkelte sentrale verdikjeder som plast og batteri. Seksjonen har eit særleg ansvar for produktkontrollova og arbeidet med ei ny lov for meir berekraftige produkt og verdikjeder. Seksjonen har ansvar for fleire kjemikaliekonvensjonar og arbeidet med å få på plass ein ny global avtale for å stanse plastforureining. Dette er politikkområde i rask utvikling som gir oss store faglege utfordringar. Ein viktig del av seksjonen sitt arbeid er internasjonalt samarbeid, både globalt, regionalt og gjennom EU/EØS-samarbeidet.
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Saman med erfarne medarbeidarar i seksjonen vil du:
- utvikle verkemiddelbruk på seksjonen sine ansvarsområde
- medverke i påverknad av EU sin politikk, følgje opp og gjennomføre EØS-regelverk - dette er ein stor del av seksjonen sitt arbeid
- det kan bli aktuelt at du deltar i internasjonalt arbeid
- utvikle fagleg grunnlagsmateriale og faglege råd for politisk leiing
- skrive taler og pressepunkt og støtte politisk leiing i samanheng med møte og arrangement både i Noreg og internasjonalt
Du vil også arbeide tett og tverrfagleg saman med andre seksjonar i Klima- og miljødepartementet (KLD) og andre departement, og ha nær kontakt med underliggjande etatar, spesielt Miljødirektoratet. Spørsmål frå Stortinget, media og politisk leiing må svarast ut, også i samarbeid med andre departement. Du vil ha kontakt med ulike organisasjonar og næringsliv.
Dette er eit vikariat som varar i 12 månader frå du tiltrer stillinga.
Vi søker deg som har følgande bakgrunn:
For å kvalifisere deg for stillinga må du ha:
- utdanning på masternivå med gode karakterar, gjerne samfunnsvitar
- svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk (bokmål og nynorsk) og engelsk
- gode IKT-kunnskapar (MS Office)
- som førstekonsulent må du ha relevante emne og/eller relevant masteroppgåve frå utdanninga di. Dersom du er nyutdanna må du leggje ved endeleg vitnemål før tilsetjingsvedtak
- det er krav om minst to år med relevant arbeidserfaring for å bli vurdert som rådgjevar
Det er ønskjeleg at du har:
- erfaring frå offentleg forvalting
- kjennskap til EU/EØS
- kjennskap til seksjonen sitt saksfelt
Klarering: Du må tilfredsstille krav til autorisasjon på nivå AVGRENSA (nsm.no).
For å lukkast i stillinga må du:
- kunne setje deg raskt inn i nye problemstillingar, vere analytisk og sørgje for god kvalitet på seksjonen sitt arbeid
- kunne kommunisere faglege bodskap på ein effektiv og forståeleg måte
- vere strukturert, ryddig og ha stor arbeidskapasitet
- vere fleksibel og trivst med korte fristar og arbeid under tidspress
- ha gode samarbeidsevner, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar for framdrift i oppgåvene
Kvifor skal du jobbe hos oss?
- Du kan bidra til samfunnsmålet om eit grønt skifte.
- Du får ei unik moglegheit til å bidra med faglege råd for den politiske leiinga.
- Vi har eit fellesskap med engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
- Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter.
Vi kan tilby mange sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar (sirkeltrening, yoga, pilates, fotball, innebandy mm.), inkludert 1 1/2 time trening i arbeidstida per veke. Vi har fleksibel arbeidstid tilpassa ulike fasar i livet, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.
Vi er opptekne av:
Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng derfor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet, og som tek i bruk potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi arbeider for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og/eller som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Lokala våre ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.
Lønn:
- Førstekonsulent: Årslønna er frå kr 502 300 - 594 500 (lønnstrinn 50 - 61).
- Rådgjevar: Årslønna er frå kr 575 400 - 692 400 (lønnstrinn 59 - 70).
Frå lønna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Er dette stillinga for deg? Les dette:
- Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrifter (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
- Utanlandske vitnemål må vere NOKUT-godkjende. Godkjenninga må du leggje ved.
- Vi tek vare på personopplysningane dine i samsvar med GDPR.
- Ver merksam på at opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om å vere unnateken frå søkjarlista. Du blir i så fall orientert om dette på førehand.
- Kvalifiserte kandidater med ulik arbeids- og livserfaring blir oppmoda til å søkje.
For meir opplysningar om stillinga kan du kontakte: avdelingsdirektør Mona Aarhus, tlf. 47665433 eller e-post Mona.Aarhus@kld.dep.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i klima- og miljøpolitikken til regjeringa. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk Polarinstitutt, Riksantikvaren, Senter mot marin forsøpling og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 260 tilsette.
Hav- og forureiningsavdelinga arbeider med strategi- og politikkutvikling og forvaltningsoppgåver retta mot hav- og nordområda, forureining, miljøgifter, avfall (inkludert marin forsøpling og mikroplast) og miljøomsyn i EØS-, handels- og investeringsavtaler.
- Sted: Kongens gate 18, 0153 Oslo, 0153 Oslo
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Rådgivning, Saksbehandler, Samfunnsviter
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323914471
- Sist endret