
Tilsynsingeniør/El-sikkerhetsingeniør
Sygnir
- Frist 06.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du arbeide med å skape ei trygg framtid basert på grøn energi?
Ønskjer du å vera med på å utgjera ein forskjell, og legga til rette for eit trygt samfunn som baserer seg på grøn energi? Då er Sygnir den rette arbeidsgjevaren for deg. Som eit av landets 20 største nettselskap, med 80 framoverlente og dyktige medarbeidarar, har me eit viktig samfunnsoppdrag i å rusta regionen for framtidas utfordringar og i det grøne skiftet.
No styrkjer me organisasjonen med ein ny medarbeidar i DLE, Det Lokale Eltilsynet. Kanskje er du den me ser etter?
Tilsynsingeniør/Elsikkerhetsingeniør
Me tilbyr og utdannings- og kompetanseløp fram til offentleg godkjenning.
Tilsynsingeniørane i Sygnir opererer i heile nettområdet; Aurland, Lærdal, Sogndal og Vik kommunar. Du vil inngå i eit team saman med 2 kollegaer som arbeider målretta for fremjing av el-tryggleiken i Sygnir sitt nettområde og i eit landsdekkande nettverk av tilsynspersonell underlagt DSB (Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap).
Kompetanse krav
Master, bachelor, ingeniørhøgskule eller teknisk fagskule med elkraftlinje, minimun 3 års relevant praksis og fagbrev i elektrikarfaget, gr L.
Merk: Me oppmodar kandidatar med manglande formell kompetanse om å søkje på stillinga eller kontakte oss for ein prat omkring eit alternativ utdanningsløp fram til offentleg godkjent tilsynsingeniør.
Kva skal du arbeide med?
Me tilbyr sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver der planlegging og utføring av ulike tilsynsaktiviteter er sentrale. Du planlegg og gjennomfører din eigen kvardag med stor grad av fridom og ansvar. DLE teamet samarbeider om overordna planlegging og strategiar ut frå føringar frå DSB og i regi av fagleg ansvarleg i DLE.
I tillegg vil du inngå i team med andre i nettselskapet Sygnir, der arbeid med målarar, jordfeilsøk og kundehandsaming i ulike samanhengar vil inngå, noko som sikrar ein variert og utfordrande arbeidskvardag.
Me ynskjer at kontorplass er i Aurland, Lærdal eller Vik, men vil også vurdere gode kandidatar i Balestrand eller Sogndal. Du må uavhengig av kontorstad pårekne noko arbeid i heile nettområdet.
Kontaktperson: Vidar Skåden, tlf 91310282 eller vidar.skaden@sygnir.no
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Røysavegen 1, 6893 Vik i Sogn
- Bransje: Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: Elektroingeniør
Nøkkelord
kunderetta, fornybar, grønenergi, ingeniør, elkraft
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323893175
- Sist endret