
Sjukepleiar/Vernepleiar
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 5.11.2023
Sjukepleiar/Vernepleiar
Vil du vere med på laget vårt?
Akutt psykisk helse Ålesund har ledig ein fast stilling for sjukepleiar/ vernepleiar. For tida to-delt turnus (dag/ kveld) og arbeid kvar tredje helg. Avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre består av 5 seksjonar: Lokal Sikkerhetspsykiatri HMR, Utgreiing og Behandling, Akutt psykisk helse, Spesialisert habilitering Sunnmøre og Alderpsykiatri Sunnmøre.
Akutt psykisk helse Ålesund har 12 sengeplassar fordelt på to team, A og B. Stillingane er knytt til team A som i all hovudsak har alle mottaka. Seksjonen tek imot pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Seksjonen tilbyr óg utgreiing og behandling av pasientar med psykiske lidingar som treng døgnopphald. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med førstelinjetenesta. Vi jobbar tverrfagleg i team som består av psykiaterar, LIS 1 og LIS 3, vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar og helsefagarbeidarar.
Vi ber om at attestar og vitnemål blir scanna og lasta opp som vedlegg til CV.
Oppstart så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
- Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutiner og prosedyrer
- Obligatorisk kursing og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk)
- Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
- Delta aktivt i seksjonens utvikling
- Rettleiing (studentar og samarbeidspartar m.m)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/ vernepleiar
- Ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller anna form for vidareutdanning
- Erfaring frå akuttpsykiatri er ein fordel
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er god på samarbeid og kommunikasjon
- Du er god på å skape allianse med pasientane
- Du arbeider sjølvstendig, men kan samstundes fungere godt i samarbeid med andre
- Du må vere fysisk og mentalt i stand til å handtere utagerande pasientar
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sted: Ålesund sjukehus, 6026 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsepersonell, Psykiatri, Sykepleier
Nøkkelord
Sykepleier;, Vernepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323863641
- Sist endret