
Byggeleiar-vegvedlikehald
Vestland fylkeskommune
- Frist 29.10.2023
Vil du vere med å vedlikehalde vegar i Vestland?
Har du kunnskap om oppbygging og utforming av veg, er løysningsorientert, samarbeidsvillig og har lyst på ein variert arbeidskvardag? Då ynskjer vi at du sender inn ein søknad!
På avdelinga for infrastruktur og veg tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi har ein arbeidskvardag med mange spennande oppgåver innan planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer. Målet vårt er å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane.
Innafor seksjonen for Vedlikehald, drift og beredskap ligg ansvaret for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane. Dette omfattar inspeksjon, planlegging av tiltak, fylgje opp entreprenørar på drift, elektro og vedlikehaldstiltak og fylgje opp økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar der ein vurderer og set i gang tiltak for å sikre trygge vegar ved uvær, skred eller ?aum.
Vedlikehald Nord har ansvar for vedlikehald av vegnettet i nordleg del av Vestland fylke. Vi har tilsette fordelt på kontor i Førde og på Leikanger.
Til eininga Vedlikehald Nord er vi på jakt etter ein byggeleiar til vegvedlikeheld med arbeidsstad Leikanger. Kan det vere deg?
Arbeidsoppgåver
- fylgje opp konsulentar i prosjekteringsfasen og entreprenørar i byggefasen
- ansvar for at kontraktane vert følgde
- ansvar for helse, miljø og sikkerheit på oppdraga, og for at ytre miljø vert handtert etter lover og forskrifter.
- rapporter på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS på prosjekta
- inspeksjon og tilstandsvurdering som er grunnlag for vurdering av tiltak
- bidra i planlegging og prosjektering av tiltak
- utarbeiding og tildeling av kontraktar
Vi gjennomfører vedlikehald på alle fylkesvegane nord for Sognefjorden, og noko reising må påreknast.
Kvalifikasjonar
- relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.
- gode kunnskapar i bruk av IKT-verktøy
- fleksibel, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- løysingsorienterte og har god gjennomføringsevne.
Du må ha førarkort klasse B.
Vil du vite meir om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med leiar for Vedlikehald Nord; Jorunn Hillestad Sekse.
Vi tilbyr
Hjå oss vil du få arbeide i ei fagleg utfordrande og spennande stilling i eit tverrfagleg miljø. Der vi kan tilby deg ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle arbeidsoppgåver, og der du vil få bidra med å sette retning for eininga.
For oss er det viktig å bygge eit sterkt fagmiljø, og å ha fokus på ein variert arbeidskvardag og fagleg utvikling. Vi er opptekne av at våre tilsette skal trivast på jobb, og jobbar for eit inkluderande fagmiljø der alle støttar kvarandre. Eininga består av tilsette i alle aldrar, og vi har eit uformelt arbeidsmiljø - noko vi ser som kjekt og fordelaktig!
Vi har lågt sjukefråvær på eininga, og skårar godt på arbeidsmiljøundersøkingar.
I VLFK har vi gode forsikrings- og pensjonsordningar, og løn vert satt etter avtale.
Anna informasjon
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Stillingstittel vil bli tilpassa til utdanningsnivå.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sted: Askedalen, 6863 Leikanger
- Bransje: Annet, Bygg og anlegg
- Stillingsfunksjon: Annet, Bygge- og anleggsteknikk
Nøkkelord
samferdsel,, vei,, byggeleder,, bygg,, vedlikehold
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323778495
- Sist endret