Innkjøpsleiar, 100% fast, Øygarden kommune
Øygarden kommune Innkjøp og investering
- Frist 26.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Innkjøpsleiar, 100% fast, Øygarden kommune
Innkjøpsleiar har det overordna ansvaret for anskaffingsområdet og er organisert i kommunalsjefområde, Finans og økonomi. Du deltek i leiarteam i dette området og rapporterer direkte til kommunalsjefen
Arbeidsoppgåver:
- Fag, personal og økonomiansvar for innkjøpseininga
- Utvikle fagområdet og eiga eining
- Planleggje og gjennomføre anskaffingar
- Gi råd og støtte til einingar i kommunen
- Andre arbeidsoppgåver etter behov
Kvalifikasjonar:
- Høgare utdanning innan økonomiske eller juridiske fag.
- God kompetanse på regelverk innan offentlege anskaffingar
- Erfaring med gjennomføring av offentlege anskaffingar
- Generelt god IT-kompetanse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne, arbeidsspråk er nynorsk
- Det er ønskjeleg med relevant leiarerfaring
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Strategisk, analytisk og løysingsorientert
- Evne til å jobbe sjølvstendig, målretta og med god gjennomføringsevne
- Evne til å motivere medarbeidarar
- Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Vi tilbyr:
- Løn etter avtale
- Gode pensjon- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
- Anne Erdal, Kommunalsjef for Finans og økonomi 90288087
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Foldnesvegen 1, 5354 Straume
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon, Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon: Innkjøp/forhandling
Nøkkelord
innkjøpsleiar, innkjøp, leder, leiar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323760130
- Sist endret