
Apotektekniker
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 25.10.2023
Apotektekniker
Sjukehusapoteket i Bergen leverer legemiddel og farmasifaglege tenester til Helse Bergen og er det største sjukehusapoteket i regionen med omlag 140 tilsette. Sjukehusapoteket har fem avdelingar innan forretningsområda sjukehusekspedisjon, produksjon, publikumsapotek, og farmasøytiske tenester.
Me har ledig ein fast 100% stilling for apotekteknikar. Stillinga er for tida lokalisert i sjukehusekspedisjonen.
Avdelinga si hovedoppgåve er å levere legemidler til Helse Bergen. Utover å levere legemiddel, har avdelinga viktige oppgåver knytt til mellom anna å besvare faglege henvendingar fra helsepersonell, legemiddelberedskap, oppfølging av legemiddelmangel i spesialisthelsetenesta, levere tenesta Apotekstyrt Legemiddellager (ASL) og arbeid med kliniske utprøvinger. Automatisering og nye teknologiske løysingar vil vera sentralt for utviklingsarbeid i avdelinga. Her vil du bli ein del av eit stort farmasøytisk miljø. Det er til ei kvar tid omlag 30 tilsette i avdelinga. Du vil arbeide både på apoteket med forsyning av legemidler og på væskelageret.
Arbeidsoppgåver
- Oppgåver knytt til varehandteringsprosessen fra bestilling hos grossist til levering til kunde
- Lagermedarbeider på væskelageret
- Plukk og klargjering av legemiddelleveranser
- Andre oppgåver kan tilfalle ved behov
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent norsk autorisasjon som apotekteknikar
- Du kan gjere tungt fysisk arbeid (håndtere tunge varer på væskelager)
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, serviceinnstilit, ansvarsbevisst og samarbeider godt med andre
- Du har eit godt auge for detaljar og er opptatt av kvalitet i arbeidet
- Du trivs i eit hektisk miljø og taklar stressande periodar
- Du arbeidar sjølvstendig og er initiativrik
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga
Vi tilbyr
- Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst
- Truckførerbevis
Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Sted: Haukelandsveien 22, 5053 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
- Stillingsfunksjon: Logistikk og lager
Nøkkelord
apotek;, legemiddel;, lager;, sykehus;
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323661114
- Sist endret