
Apotekteknikarar
Sjukehusapoteka Vest
- Frist 29.10.2023
Apotekteknikarar
Sjukehusapoteka Vest HF er eit av fem sjølvstendige helseføretak eigd av Helse Vest RHF.
Sjukehusapoteka er del av spesialisthelsetenesta og skal sørgje for at sjukehus og pasientar i Vestland og Rogaland vert sikra legemiddel og høg farmasøytisk kompetanse og tenester. Vår ambisjon er å vera fagleg i front, nasjonalt og internasjonalt i sikker og framtidsretta legemiddelforsyning.
Som eit av fem sjukehusapotek i vest er Sjukehusapoteket i Bergen (SiB) eit av dei største apoteka i landet med omlag 135 ansatte. Vi har fem avdelingar; Publikum, Sjukehusekspedisjon, Avdeling for farmasøytiske tenester og to produksjonsavdelingar.
Apoteket har auka oppdrag og omfattande produksjonsverksemd og søkjer fleire medarbeidarar til produksjonsavdelingane.
For å sørgje for fagleg utvikling hjå våre medarbeidarar og ivareta apotekets heilhetlege behov kan stillingane bli delt mellom fleire avdelingar. Kva avdeling ein startar i kjem an på erfaring, personleg eignaheit og ei heilskapleg vurdering i apoteket. Det kan bli aktuelt å tilsette i fleire stillingar.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver i tilsetningsproduksjon er til dømes:
- produksjon av cytostatika til pasientar i Helse Bergen
- produksjon av total parenteral ernæring (TPN), smerteblandingar og andre tilsetningar
- andre oppgåver kan verta aktuelt
Arbeidsoppgåver i steril/ikkje-steril produksjon er til dømes:
- framstilling av ikkje-sterile legemiddel som mikstur, kapslar, dosepulver, salve/krem mm til den enkelte bestilling
- førebuing til og dokumentasjon av framstilling
- ordrehåndtering og pakking til forsendelse
- andre oppgåver relatert til logistikk, vedlikehald og/eller validering kan og bli aktuelt
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som apotekteknikar.
- Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna.
- Du må ha gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Du bør ha gode IKT-kunnskapar.
Personlege eigenskapar
- Du tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig.
- Du er opptatt av detaljar og er nøyaktig i ditt arbeid.
- Du tek initiativ og har gode samarbeidsevnar.
- Du er positiv og serviceinnstilt.
- Du visar fagleg engasjement og delar din kunnskap med dei rundt deg.
- Du trivs i eit til tider hektisk miljø.
- Det vil bli lagt vekt på å vera personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
- stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
- høve til fagleg og personleg utvikling
- godt og inkluderande arbeidsmiljø
- naudsynt opplæring
- løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Ver venleg å laste opp attestar, vitnemål og eventuell anna relevant dokumentasjon i søknaden.
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteinga vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,5 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv fem sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.
Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no
- Antall stillinger: 3
- Sted: Jonas Lies veg 89, 5053 Bergen
- Bransje: Farmasi og legemiddel
Nøkkelord
apotekteknikar, legemiddel, farmasi, produksjon, sjukehusapotek
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323615721
- Sist endret