
Psykolog/psykologspesialist
Helse Møre og Romsdal HF
- Frist 31.10.2023
Psykolog/psykologspesialist
Er du vår nye psykolog? Vi utvider teamet og søker etter psykolog/psykologspesialist til våre tverrfaglige team i poliklinikk TSB Ålesund. Som psykolog hos oss får du mulighet til fagleg vekst og vere med å på å utvikle eit spennande fagfelt vidare!
Avdeling for TSB er ein del av spesialisthelsetenesta i Helse Møre og Romsdal. Avdelinga består av ei tverrfagleg sammensatt gruppe tilsette som gir tilbod til pasientar med avhengighet til rusmidlar, vanedannande medikament, anabole stereoider og spel. Vi gir også tilbod til pårørande. Fagmiljøet ved avdelinga er tverrfagleg sammensett og inkluderer rus-spesialistar/psykiatere, legar, psykologspesialister/psykologar og helse- og sosialfaglege medarbeidarar med vidareutdanning.
TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling) er eit fagfelt i utvikling med forholdsvis nye spesialitetar. I tillegg til behandling av avhengigheit, jobbar vi også spesifikt i TSB med å utvikle kompetansen i behandling av psykiske lidingar, kanskje er dette noko for deg?
Som psykologspesialist/psykolog vil du bidra med psykologfagleg kunnskap og diagnosekompetanse inn i tverrfagleg samarbeid, du vil gi utgreiing og terapi-oppfølging til pasientar som treng det. Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg koordinator som koordinerer pasientforløpet og har ansvar for pasientforløp TSB. Som psykolog/psykologspesialist vil du i staden bli nytta til psykologfaglege oppgåver, både i det tverrfaglige samarbeidet, i samarbeid med øvrig hjelpeapparat og i direkte oppfølging av pasientar.
Den psykologfaglege kompetansen blir høgt verdsett og er viktig i det direkte pasientarbeidet, men sjåast også på som ein sentral kompetanse i den faglege utviklinga.
Startdato kan avtalast og ver vennleg laste opp dine attestar og vitnemål i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og utgreiing av funksjonsevne og psykisk helse
- Psykologiske vurderingar, diagnostisering og behandling
- Individuelt behandlingsansvar
- Vere ein del av eit tverrfagleg team
- Rettleiing og bistand til tverrfagleg team basert på psykologfagleg kunnskap
- Samarbeid med ulike faggrupper
- Eksternt samarbeid og undervisning
- Samtalar med pårørande
Kvalifikasjonar
- Psykologspesialist eller psykolog med norsk autorisasjon, eller lisens som fører til autorisasjon
- Ønskeleg med relevant spesialisering/jobberfaring frå arbeid med rus og/eller psykisk helse
- Erfaring frå tverrfagleg/tverretatleg samarbeid vert vektlagt
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og gode norskferdigheiter både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med klinisk erfaring
- Å vere personleg eigna blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er ein positiv, og ansvarsbevisst kollega som både kan arbeide sjølvstendig og i eit tverrfagleg samarbeid
- Du har evne til å handtere hektiske dagar
- Du likar å bidra til kompetanseutvikling
- Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på gode eigenskapar når det gjeld kommunikasjon med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
Vi tilbyr
- Rettleiing
- Spennande og krevjande arbeidsoppgåver i eit godt og kompetent fagmiljø
- Internundervisning, eigne fagdagar og personalseminar
- Aktivt arbeid for å ivareta eit godt arbeidsmiljø
- Moglegheit til fagleg utvikling og kurs
- Moglegheit til avtale om lesetid
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Rekrutteringstillegg
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
- Sted: Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Psykolog
Nøkkelord
psykolog,, spesialist,, rus,, sykehus,, sjukehus
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323477415
- Sist endret