Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting
Høgskulen på Vestlandet
- Frist 31.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting
Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde planlegging og/eller naturforvalting ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, campus Sogndal
Stillinga er knytt til Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, Institutt for miljø- og naturvitskap, og arbeidsstaden er campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere undervising og rettleiing på bachelor- og masternivå med problemstillingar knytt til arealplanlegging, stadutvikling og klimatilpassing, og korleis ein kan ivareta økosystem og naturmangfald i planlegginga. Aktuelle emne å undervise i er; Arealplanlegging, Reguleringsplanlegging, Miljø- og forvaltningsrett, Kulturminneforvaltning, eller masteremne i Climate Adaptation in Spatial Planning.
Instituttet har eit mangfaldig fagmiljø med høg forskingsaktivitet innan natur- og miljøforsking. Vi ønskjer at den som vert tilsett deltek i forskingsarbeid ved instituttet. Instituttet har aktive forskingsgrupper innnan til dømes berekraftig stadutvikling, landskapsplanlegging, klimatilpassing eller juridiske verkemiddel for planlegging.
Kvalifikasjonar:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129)
Formell utdanning og kompetanse:
- For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad innan eit av fagområda og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan eit av fagområda til stillinga
- For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagt
- God og dokumentert kjennskap til det norske plan- og forvatningssystemet
- Ha kunnskap frå skjeringspunktet mellom arealplanlegging og minst eitt av fagfelta reguleringsplanlegging, miljø- og forvaltingsrett, kulturminneforvalting
- God IKT kunnskap
- Erfaring med bruk av Gisline eller tilsvarande digitale planverktøy
- Undervisningsspårket er norsk, og søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk i tillegg til engelsk
- Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring som planleggar
- Erfaring og kompetanse i bruk av naturbaserte løysingar
- Undervisningserfaring frå universitet eller høgskule
- Forskingserfaring
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Fleksibel
- Evne til å ta initiativ
- Engasjement for fagområde
Utdanningsfagleg kompetanse:
Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.
For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf) .
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
- fullstendig publikasjonsliste
- attestar og vitnemål
- dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf) .
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (Master / PhD.) er likeverdig med tilsvarande utdanning frå Norge. Sjå www.nokut.no (http://www.nokut.no) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Opphalds- og arbeidsløyve i Norge er eit vilkår for å tiltre stillinga.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode1011/1198/1008 - førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Instituttleiar Tarald Seldal
tlf: +47 57 67 62 40
e-post: tarald.seldal@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Røyrgata 6, 6856 Sogndal
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Arealplanlegger, Arkitekt og planlegging
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323451781
- Sist endret