
Bibliotekar
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 13.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med og skape engasjement for litteratur og læring i det flotte biblioteket vårt?
Ved Molde vgs. har vi elevane i sentrum. Saman jobbar nesten hundre menneske kvar dag for å gjere vårt beste for at elevane våre skal nå dei måla dei har sett seg. Saman skal vi bidra til at dei blir best mogleg førebudd for framtida.
Molde vgs. har frå 1. april 2024 behov for skulebibliotekar i 100 % fast stilling. Skulebiblioteket ligg sentralt plassert i hjartet av skulen, og har ei sentral rolle i skulekvardagen til elevar og lærarar. Skulebibliotekaren er plassert i stabsavdelinga ved skulen saman med andre pedagogiske støttefunksjonar som t.d. IKT og administrative rådgjevarar.
Vi legg stor vekt på samarbeid innanfor ulike profesjonsfellesskap, på å gje elevane våre ein trygg og god skulekvardag, på å møte elevane våre med tydelege faglege forventingar og ikkje minst gje dei god pedagogisk rettleiing i arbeidet deira, alt i tråd med den pedagogiske plattforma vår.
Du får jobbe med:
- Støtte dei ulike fagmiljøa ved skulen i arbeidet med å skaffe oversikt over tilgjengelege læremiddel og læringsressursar, vere ressursperson for leiinga ved skulen i arbeidet med å velje læremiddel
- Støtte elevar med læringsstrategiar, leseferdigheiter og informasjonskompetanse
- Hjelpe elevar med å auke den digitale kompetansen i fag, jobbe med digital dømmekraft
- Samarbeide med lærarar om å lære elevar metodar for kjeldekritikk og kjeldebruk
- Systematisk arbeid for å fremje leseglede blant elevar, både innanfor skulefag og fritidslesing.
- Formidle litteratur til ungdom på ulike og kreative måtar, også tilrettelagd m.o.t. ulike morsmål, lesenivå og funksjonsnivå.
- Vere ein aktiv del av elevane sitt skulemiljø, skape arenaer for sosial og fagleg samhandling
- Samarbeide med andre tilsette ved skulen og eksterne aktørar om ulike arrangement og aktivitetar gjennom skuleåret, med skulebiblioteket som vertskap
- Samarbeide med avdeling for elevtenester om opplæringstilbodet for elevar med tilretteleggingsbehov
- Deltaking i nettverket for skulebibliotekarar i Møre og Romsdal
- Økonomisk ansvar for innkjøp av digitale og trykte læremiddel
- Administrere utlånsordninga for lærebøker og annan litteratur
Vi søker deg som
- har eit positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for det sosiale og faglege miljøet til elevane
- har høgare relevant utdanning
- er engasjert i litteratur og litteraturformidling til ungdom
- er kreativ og nytenkjande og vil vere med på å utvikle skulebiblioteket som eit moderne og relevant tilbod for elevane våre
- kan arbeide systematisk og målretta, både sjølvstendig og saman med andre
- har god digital kompetanse og forståing og er interessert i å halde seg oppdatert på den teknologiske utviklinga i samfunnet
- har god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på bokmål, nynorsk og engelsk.
Vi tilbyr
- eit fagleg og pedagogisk fellesskap der vi alle støttar kvarandre
- eit inkluderande og raust kollegium der du får utvikle deg
- gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulukkesforsikring
- løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
Om arbeidsplassen
Molde vidaregåande skule ble etablert i 1832, ligg i Molde sentrum og har gangavstand til offentleg kommunikasjon, idrettsanlegg og Molde sitt bibliotek-, teater- og jazzhus. Ved skulen har ca. 850 menneske sitt daglege verke, der ca. 100 av dei er tilsette.
Skulen har i dag desse opplæringstilboda:
- studiespesialisering
- studiespesialisering med toppidrett
- innovasjon og leiing
- musikk, dans og drama
- landslinje for jazz
- kunst, design og arkitektur
- påbygging til generell studiekompetanse
- påbygging til generell studiekompetanse etter yrkeskompetanse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Øvre veg 23, 6413 Molde
- Bransje: Arkiv og bibliotek, Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Arkivar og bibliotekar, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
bibliotekar, læremiddel, skole, videregående, bibliotek
Foto: Bjørn Vatne (1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323443271
- Sist endret

