Kunderådgjevar bedriftsmarknad
Sparebanken Sogn og Fjordane
- Frist 31.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Brenn du for næringslivet i regionen vår?
Ønsker du ein arbeidsplass med engasjement og lokal forankring? Då er vi staden for deg.
Sparebanken Sogn og Fjordane vart etablert i 1988 og brenn for Sogn og Fjordane på trettifemte året, og vi har 181 år gamle røter her i regionen. Her har vi alltid vore, og her skal vi alltid bli.
Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke. Vi får stadig nye kundar og aukar kapasiteten til god rådgjeving for kundane våre. No kan du få vere med på laget! Vi søkjer etter kunderådgjevar bedriftsmarknad med fokus på landbruk.
Vi ser etter deg som ser kundane våre. Du kartlegg behova deira og finn dei riktige løysingane for dei. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du er engasjert, initiativrik og resultatorientert, og du gjer kundereisa god. Du har god kjennskap/interesse for næringslivet i regionen. Som kollega er du ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du har relevant utdanning eller erfaring frå relevant arbeid som kan vere aktuelt for jobben. Erfaring med landbrukskundar er ein fordel.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere
- Ansvar for oppfølging av bedriftskundar i eigen kundeportefølje med fokus på landbrukskundar, mindre aksjeselskap og andre personleg næringsdrivande.
- Kredittarbeid med handsaming av kredittsaker og risikovurdering
- Rådgjeving og behovsretta sal av banken sine produkt og løysingar
- Sikre godt samspel mellom ulike produktmiljø i banken til nytte for kundane
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Kontorstad er Sandane men du vil arbeide med kundar i heile Sogn og Fjordane.
For meir informasjon om stillinga kontakt banksjef Ørjan Skåden, tlf 481 67 120 eller direktør bedriftsmarknad Roy Stian Farsund, tlf. 906 22 123.
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Grandavegen 7, 6823 Sandane
- Bransje: Bank, finans og forsikring
- Stillingsfunksjon: Rådgivning
Nøkkelord
bedriftsmarked, rådgjeving, salg, næringsliv
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323429141
- Sist endret