Produksjonsplanleggar
Vik Ørsta
- Frist 31.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Produksjonsplanleggar
Produksjonsplanleggar
Er du ein planleggar?
Er du han som har full kontroll på vekeplanar, fritidsaktivitetar og familien AS? Eller ho som er rå på system- og prioriteringar, står for kontinuitet og forutsigbarheit?
Om du kan kjenne deg igjen i dette, så er du kanskje den vi treng for å vere produksjonsplanleggar i Vik Ørsta!
Om stillinga
Stillinga er svært sentral i produksjonsmiljøet vårt og vil vere akkurat passe utfordrande for rett person.
Hovudoppgåver vil vere:
- Planlegging av produksjon ut frå hovudplan.
- God og klar kommunikasjon med produksjon, sal og teknisk avdeling.
- Vidareutvikling av vårt produksjonsstyringssystem.
- Fokus på Lean og flyt i produksjon.
Kven vi ser etter
Vi ser etter deg som:
- har eit klart hovud og beheld roa i stressande situasjonar.
- er god på system.
- bidreg positivt inn i ein velfungerande organisasjon.
- har gode haldningar og lyst til å lære.
Det er ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande roller.
Dersom du har driv til å vere med på veg framover, integritet til å navigere handlingane dine etter og omtanke for folk, så passar du godt inn hos oss!
Om søknaden
Søknad, CV og relevante vedlegg sendast via lenke på denne sida. Har du spørsmål om utfylling av CV? Kontakt gjerne Jobbnorge på tlf. 75 54 22 20.
Har du spørsmål om stillinga?
Kontakt gjerne fabrikksjef Henning Andre Melle, tlf. 918 57 594
Flytte til Ørsta?
Vil du ha kort veg til jobb, barnehage og SFO? Då er Ørsta staden for deg og familien din. Her finn du vakker natur og gode jobbmoglegheiter. Ørsta ligg sentralt til på Sunnmøre, med tilgang til både kyst- og fjellområde for gode naturopplevingar. Her kan du nyte skiturar om vinteren og båtliv om sommaren.
I tillegg er regionen kjend for sitt sterke næringsliv, med moglegheit for personleg og profesjonell utvikling. Med lokal flyplass er vegen kort til resten av verda.
Ørsta og Sunnmøre er ein flott stad å bu og arbeide, så kvifor ikkje flytte hit og starte eit nytt eventyr med familien din?
Stolte av produkta våre spør du?
- Eg er litt stolt av at vi lagar dette her. Og det trur eg borna mine også er.
Gode Kjell! Og Katrin. Og Egil Johan. Og Leifen. Og alle andre fine folk i Vik Ørsta.
75 år med norsk industrihistorie frå to små bygder på Vestlandet. Klart det er lov å vere stolt. Vi går for 75 år til. Minst!
Video: Nanseth Media
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Nørestranda 383, 6155 Ørsta
- Bransje: Industri og produksjon
- Stillingsfunksjon: Planlegger, SCM og logistikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323401130
- Sist endret