
HR-Konsulent
Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 30.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vi søker etter ein initiativrik medarbeidar med god digital kompetanse
Vi søker etter
ein initiativrik medarbeidar med god digital kompetanse til 100% fast konsulentstilling i HR-seksjonen - Stab for organisasjon- og tenesteutvikling.
Vil du bli ein del av eit stort fagmiljø der du får utvikle deg sjølv og andre innan arbeidsgivar- og organisasjonsområdet?
Er du opptatt av både menneske, organisasjonsutvikling og digitale arbeidsprosessar, god til å samarbeide og glad i utfordringar, kan du vere rette personen for oss.
Du får jobbe med
- administrativ støtte og saksbehandling på HR-området, særleg innafor:
- rekruttering
- kompetanseutvikling (kurs og opplæringstiltak)
- HMS
- HR data og analyse
- superbrukaroppgåver for HR-system, sak- og arkivsystem og kvalitetssystem.
- vedlikehald/oppdatering av nettsider/intranett
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Vi søker deg som har
- relevant høgare utdanning, helst på bachelornivå. Særleg relevant erfaring kan kompensere for dette
- god digital kompetanse
- evne til å tilpasse deg og bruke nye systemer
- serviceinnstilt og har evne til å rettleie andre
- evne til å arbeide systematisk og målretta
- kjennskap til HR som fagfelt og offentleg forvaltning
Vi vil også legge vekt på at du er ein person som
- evner å fremme/formidle nye digitale arbeidsformer
- er samarbeidsorientert
- er strukturert
- har gode kommunikative evner
- ønsker utfordringar og som ønsker å utvikle deg sjølv og andre gjennom aktiv samhandling
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit godt arbeidsmiljø kjenneteikna av profesjonalitet og høg kompetanse
- satsing på vekst og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
HR-seksjonen består av sju tilsette og er organisert i avdeling stab for organisasjon og tenesteutvikling. Vi har ansvar for å utvikle og ivareta den overordna arbeidsgivarfunksjonen. Vi er ein fagleg støtte/medspelar og pådrivar for forbetringsarbeid, organisasjonsutvikling og innovasjon i heile organisasjonen. Vi er tett på kjerneverksemda og utviklar dei menneskelege ressursane i ein lærande organisasjon.
Stillinga har for tida arbeidsstad ved Fylkeshusa i Molde.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Julsundvegen 9, 6412 Molde
- Bransje: HR, organisasjonsutvikling og rekruttering, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: HMS, HR, personal og rekruttering, Kurs og opplæring
Nøkkelord
HR, saksbehandling, Offentlig forvaltning, rekruttering, analyse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323286573
- Sist endret