100% fast stilling som leiar for Barne- og familietenestene
Voss herad
- Frist 1.11.2023
- Ansettelsesform Fast
Er du Voss herad sin nye leiar for Barne- og familietjenestene? Sjå her!
Spanande og utfordrande stilling som gir rom for fagleg og personleg utvikling!
Som leiar i Voss herad blir du ein del av eit engasjert og stort fagmiljø som delar kunnskap og arbeidar tett saman. Leiar for Barne- og familietenesta sit i leiargruppa til Kommunalsjef oppvekst. I denne leiargruppa sit også leiar for skulane- og leiar for barnehagane på Voss.
Du vil få kontorplass på Voss tinghus saman med resten av administrasjonen i heradet og oppvekstavdelinga. Barne- og familietenestene er samlokalisert i Knutepunktet, fem minutt å gå frå Tinghuset, du vil difor også ha mykje av arbeidstida di her.
Voss herad er ein BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) der føremålet er å kvalitetssikra heilskapleg og koordinert innsats utan brot i oppfølginga. Som leiar vil du ha ei sentral rolle i utviklinga av tenestene og avdelinga slik at me lukkast med å gje innbyggjarane rett hjelp til rett tid. Barnevernsreforma er døme på eit overordna rammeverk som avdelinga må omsetja til konkrete tiltak for tenestene i Voss herad.
Arbeidsoppgåver:
- Som leiar for tenesteområdet, Barne- og familietenestene, er du næraste leiar for leiarane i barneverntenesta, integreringstenesta, helsestasjonen og pedagogisk- psykologisk tenestekontor (PPT).
I tillegg er du næraste leiar for dei fire kommunepsykologane. Voss herad sel PPT og kommunepsykolog-tenester til Eidfjord og Ulvik. - Det kan også verte aktuelt å innlemma vaksenopplæringa som ein del av Barne- og familietenestene.
- Leiar for Barne og familietenestene rapporterer til kommunalsjef oppvekst. Leiar vil få ansvar for utvikling av tenestene i tett samarbeid med einingane som ligg under tenesteområdet.
Stillinga inneber administrativt, økonomisk og fagleg ansvar for tenestene i avdelingane og samhandling mellom dei. - Etablering og formalisering av samarbeid både internt i oppvekst og ekstern med aktuelle samarbeidspartar, vil vera ei sentral oppgåve.
Kvalifikasjonar:
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå, innan leiing og/eller relevante fag for dei tenestene du skal leia.
- Det er ynskje om leiarerfaring og kjennskap til fagfeltet og kommunal sektor og at du kan kan visa til resultat i arbeid knytt til samhandling og innovasjon.
- Erfaring frå leiing i kunnskapsorganisasjonar
- Kjennskap til offentleg sakshandsaming
Personlege eigenskapar
- Du er ein initiativrik medarbeidar med høg integritet.
- Du har evna til å tenkje overordna og strategisk, samstundes som du må gje leiarstøtte til leiarane under deg.
- Du har ein visjon om å skapa gode tenester med brukar i sentrum, ha evna til å inspirera sine tilsette og arbeida målretta og systematisk
- Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Du har god gjennomføringsevne og gode samarbeidsevner
Menn vert oppmoda til å søkja
Me tilbyr
- Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
- Gode utviklingsmoglegheiter, både fagleg og personleg
- Høve til å påverka eigen arbeidskvardag
- Fleksibel arbeidstid
- Eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer
- Heimekontor etter avtale
- God pensjonsordning
- Gode lønnsvilkår
- Eit godt fagleg og sosialt miljø
- Sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Ein fagleg utfordrande og spennande jobb i et aktivt miljø
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Voss tinghus, 5700 Voss
- Hjemmekontor: Delvis hjemmekontor
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Ledelse
Nøkkelord
leiar, barne, familieminster, saksbehandling, ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 323247732
- Sist endret