
Salsleiar møbel
Bohus Furene
- Frist 27.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Salsleiar møbel til Bohus Furene
Om jobben:
Bohus opnar varehus i Furene i Volda kommune og søkjer no salsleiar for møbelavdelinga.
Varehuset er under etablering og skal opne dørene rundt påsketider i 2024. Oppstart vil derfor vere ynskjeleg i slutten av februar/starten av mars. Dette er ei unik moglegheit for deg som blir trigga av sal og kundeservice!
Som salsleiar møbel i Bohus har du eit overordna ansvar for møbelavdelinga. Du viser veg for dine kollegaer gjennom å vere eit godt førebilete. Du blir motivert av sal og strekk deg etter nye mål og resultat. Du evnar å utvikle andre gjennom tett oppfølging og gode tilbakemeldingar. Du har ansvaret for kompetansen til avdelinga både på produkt og sal. Det må også bli rekna med å delta i salet av møbel i varehuset.
Som salsleiar er du ein del av butikkens leiargruppe og deltek på leiarmøter. Salsleiar vil rapportere til Varehussjef.
Vi søkjer kandidatar som er:
- Brennande interessert i møblar og interiør
- Har erfaring med, eller sterk interesse for salsleiing
- Aktiv og synleg i butikken, og leiar an innanfor sal
- Opptatt av eigne salsprestasjonar og andres, og kan vise til gode resultat
- Konkurranseinnstilt
- Punktleg og nøyaktig
- Bidragsyter til eit godt arbeidsmiljø
Erfaring frå sal er ei føresetnad. Vi ynskjer nokon med konkret erfaring også frå salsleiing, men meiner du å ha eit gryande leiartalent i magen - vil vi også høyre frå deg.
Vi tilbyr:
- Eit splitter nytt og inspirerande varehus kor du sjølv får stor påverknad
- Lønn etter avtale
- Bonusordning
- Godt arbeidsmiljø
- Ordna forhold i ei spanande og solid kjede
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Volda, Norge, 6100 Volda
- Bransje: Butikk og varehandel
- Stillingsfunksjon: Salgsledelse
Salgsleder møbel til Bohus Furene
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322842648
- Sist endret
