Vernepleiar - 100 % fast
Alver kommune
- Frist 23.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vernepleiar - 100 % fast
Vernepleiar - 100 % fast
Om stillinga
Alver kommune, psykisk helse og rus teneste- avdeling heimebuande gjev tenester i heile kommunen. Avdelinga er delt i tre team - Tidleg innsats og livsmeistring, Oppfølgingsteam Psykisk helse og Oppfølgingsteam Rus og avhengigheit.
Vi søkjar nå etter ein vernepleiar til 100 % fast stilling med erfaring frå arbeid med personar med utviklingsforstyrringar kombinert med psykisk uhelse/rusutfordringar.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av brukarar gjennom kartlegging av ressursar og behov, støtte- og motivasjonssamtaler
- Leggje til rette for aktivitet og for at brukar skal kunne meistre eigen kvardag
- Medisinoppfølging/ LAR
- Delta i gruppetilbod og aktivitetstilbod
- Delta i kvalitetsutviklinga av tenesta, og bidra til at målsettingar innan tenesta vert nådd
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar om eit heilskapleg tenestetilbod
- Bidra fagleg gjennom rettleiing, undervisning, utviklingsarbeid og teamarbeid
- Koordinere ansvarsgrupper og individuell plan
Om avdelinga
Hovudoppgåva for tenesta er psykisk helse og rusarbeid til unge og vaksne som har, eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusproblem. Tilbodet vert gitt som individuell oppfølging, gruppetilbod og arbeids- og aktivitetstilbod.
Vi har ein recoveryorientert tankegang og tilnærminga vår er at menneske kan leve meiningsfulle og tilfredsstillande liv, på tross av psykiske helse og rusutfordringar.
Vi er ein avdeling med god tverrfagleg kompetanse, og ønskjer og vidareutvikle dette ytterlegare.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert vernepleiar
- Vidareutdanning innan rus, psykisk helse eller anna relevant tilleggsutdanning
- Førarkort klasse B
Kven er du?
Vi søkjer etter deg som:
- har erfaring, interesse og engasjement for arbeid innan fagfeltet
- er god på kommunikasjon, samarbeid og samhandling
- har evne til å engasjere og inspirere menneske rundt deg
- er glad i å jobbe i team, samt trivst med sjølvstendig arbeid
- er tolmodig og god til å motivere andre
- har evne til å sjå ressursar hjå den einskilde
- er opptatt av og legge til rette for brukarmedverknad
- er fleksibel og har evne til å sjå moglegheiter og tenkje løysingar, samt til å prioritere i daglege oppgåver
Personlege eigenskapar og evne til samarbeid vert vektlagt i stor grad.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Medverknad i utvikling av tenestene innan området psykisk helse og rus
- Teamarbeid i eit fagleg engasjerande, utfordrande og godt arbeidsmiljø
- Rettleiing
- Løn og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvassnesvegen 40, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Vernepleier/miljøterapeut
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322832013
- Sist endret