
Lysteknikar
Det Norske Teatret
- Frist 22.10.2023
- Ansettelsesform Fast
Vil du bli lysteknikar ved landets største teater?
Det er ledig to faste stillingar som
LYSTEKNIKAR
Vi søker etter to allsidige, engasjerte og fleksible teatermenneske med solid lysteknisk bakgrunn og ein god kombinasjon av praktiske og kreative eigenskapar.
Arbeidsoppgåver:
Du skal utføre lystekniske oppgåver under prøver og framsyningar i tillegg til rigg, reparasjon og vedlikehald av lysteknisk utstyr. Du vil saman med resten av lysteknisk team vere med på å levere lystekniske løysingar til teateret sine nye produksjonar.
Du vil også jobbe tett saman med andre faggrupper på teateret.
Ønska kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning og/eller erfaring frå tilsvarande arbeid
- Kunnskap om lysbord, nettverk og elektronikk
- Generelt god datakunnskap
- Initiativrik og evne til å jobbe sjølvstendig.
- Omgjengeleg og innstilt på å yte god service.
- God ordenssans og gode samarbeidsevner.
- Førarkort er ønskjeleg
Vi tilbyr
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit hektisk arbeidsmiljø
- Stor tilgang til kunstnarlege opplevingar
- Gode kollektive ordningar
- Gunstig ferieordning (fem veker ferie, to veker fri med lønn)
- Lønn etter tariff
Det Norske Teatret ønsker å spegle samfunnet og oppfordrar kvalifiserte kandidatar som kan auke mangfaldet i organisasjonen vår til å søke.
Arbeidstida er ei skiftordning med vaktar på dag, kveld og helg.
Arbeidsstaden kan variere, og er styrt av kor vi til kvar tid speler teater, både i Oslo eller på turné.
Den eine stillinga har ønska oppstart 1. januar og den andre 1. februar 2024.
Spørsmål om stillinga kan rettast til
Eigil Aasen, Fagavdelingsleiar
E-post: eigil.aasen@detnorsketeatret.no
Mobil: 980 98 599
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Kristian IV, 0164 Oslo
- Bransje: Kunst og kultur
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell
Nøkkelord
lys, scenekunst, lysteknikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 322829690
- Sist endret
